Antibes (oksitanskAntíbol ellerAntibo) er ein ferieby søraust iFrankrike. Han ligg ved kysten avMiddelhavet påDen franske rivieraen mellomCannes ogNice, om lag 20km sørvest for Nice på austsida av halvøyaGaroupe. Innbyggjarane her vert kallaAntibois ellerAntipolitains.
Det var tidlegare mange festningsverk rundt byen, men alle festningsvollane, bortsett fråFort Carré, bygd avVauban, og vollane langs sjøen, vart øydelagd i 1860-åra. Ein ny by voks så opp utanfor dei tidlegare forsvarsverka.
Antibes har den størstelystbåthamna (etter totalt tonnasje) på Den franske rivieraen. Ho vart bygd i 1960-åra på same stad som ei tidlegare romersk hamn. Det er framleis ein lokal fiskeindustri i byen, men han er langt mindre enn for hundre år sidan. Tidlegare låg det eit parfymedestilleri her, sidan omgivnadane var svært rik på blomar. I dag vert det framleis produsert parfyme på kommersiell skala iGrasse, som ligg i nærleiken.
I førhistorisk tid var området rundt Antibes busett avDeciates, ei stamme avligurarar. Deciates hadde ein by i området kallaoppidum Deciatum, men dette var ikkje sjølve Antibes.
Antibes var den antikke Antipolis, som vart grunnlagd som ein koloni avMassallia (Marseille) på500-talet fvt. i bukta overforNikea (Nice). Namnet på gresk tyder bokstavleg «byen overfor», og vert nemnd iGeografi avStrabo. Sjølv om det ikkje er spor igjen etter den greske hamna har ein funne vrak av forliste skip i sjøen utanfor.
Polybius (Histories, 33.7) fortel i 155 fvt. at ligurarane gjekk til åtak på Massallia, Antipolis og Nikea, og som følgje av dette bad Massalia romarane om hjelp på grunn av ein avtale mellom Massalia ogRoma. Romarane kom og sigra, og dette førte til større romersk aktivitet i området, noko som kulminerte islaget ved Aquae Sextiae i 102 fvt. og opprettinga av den romerske provinsenNarbonensis langs kysten fråAlpane tilPyreneane.
I43 fvt. mista Antipolis statusen sin som ein fri masaliotisk by, og vart annektert av romarane, som kalla han Civitas Antipolitana. Dette vart seinare reffert til avStrabo (Geografi, 4.1.9).
Historia, klimaet, kunstsamlingane, strendene og lystbåthamna i Antibes trekkjer til seg mange turistar.
I Château Grimaldi har byen eit galleri med ei unik samling avPablo Picasso sin verk, skapt i den perioden han budde i byen. Her finst teikningar, trykk, måleri og fleire keramikkarbeid – meir enn 300 verk i alt donert av kunstnaren. Samlinga er òg supplert med gåver og er nok byen sin største attraksjon.
BådeVictor Hugo ogGraham Greene har budd i Antibes, Greene i dei 25 siste åra av livet sitt (1966-1991). F. Scott Fitzgerald sin roman «Tender is the Night» har hotellet Eden Roc på Cap d’Antibes som omslag.
Juan-les-Pins, som er ein eigen by, men del av kommunen Antibes, arrangerer kvart år i juli ein jazzfestival med verdskjende utøvarar.