Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Anne Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Brown

Fødd9. august1912
FødestadBaltimore
Død13. mars2009 (96 år)
DødsstadOslo
FødenamnAnne Wiggins Brown
OpphavUSA, Noreg
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somoperasongar
Gift medThorleif Schjelderup
PrisarNorsk kulturråds ærespris

Anne Wiggins Brown (9. august 191213. mars 2009) var ein amerikansk-norsk operasongar (sopran), songpedagog og iscenesetjar fråBaltimore iUSA.

Som dotter av ei songlærarinne fekk Anne Brown tidleg skulering innansong, men vart nekta songutdanning i heimbyen grunna reglar omraseskilje. Utdanninga si fekk ho difor ved Morgan College og etter kvart, instituttet for musikkunst vedJuilliard School iNew York. Ho vart kjend verda over gjennom rolla som Bess iGeorge Gershwin sin folkeoperaPorgy and Bess, som vart urframført vedThe Alvin Theatre i New York10. oktober1935. Rolla Bess vart spesielt skriven for stemma hennar. Deretter hadde ho roller påBroadway, var med i fleire oppsetjingar avPorgy and Bess, samt figurerte i filmen om Gershwin,Rhapsody in Blue.

Etter omfattande turnéverksemd frå1942 og to avbrotne ekteskap, reiste Brown på turné til Europa og busette seg i1948 iOslo, der ho vart gift med skihopparenThorleif Schjelderup og vart norskstatsborgar. På 1950-talet heldt ho fram karrieren sin i oppsetjingar som Gian Carlo Menotti sinThe Medium and The Telephone. Helsemessige årsaker gjorde til at ho trekte seg tilbake tidleg, men heldt fram som songpedagog, medÅse Kleveland,Karin Krog,Elizabeth Norberg-Schulz,Liv Dommersnes,Liv Ullmann,Anne Nyborg,Ranveig Eckhoff ogSølvi Wang som nokre av dei mest kjende elevane.

Anne Brown har fått fleire prisar, mellom annaMusikkritikarprisen i1950,Oslo bys kunstnerpris i1990 ogNorsk kulturråds ærespris i2000. I1999 vart ho æresborgar avBaltimore. Brown gav ut memoarbokaSang fra frossen grenAschehoug forlag i1979.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Anne_Brown&oldid=3408180»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp