Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Anna (Go to Him)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna (Go to Him)
avArthur Alexander
B-side

«I Hang My Head and Cry»

Språkengelsk
Utgjeve17. september 1962
SjangerSoul
Lengd2:48
SelskapDot Records
KomponistArthur Alexander
TekstforfattarArthur Alexander
Låtskrivar(ar)Arthur Alexander
ProdusentNoel Ball[1]
Arthur Alexander-kronologi 
«Soldier of Love (Lay Down Your Arms)»
(1962)
Anna (Go to Him)«Go Home Girl»
(1962)


«Anna (Go to Him)», eller berre«Anna», er ein song skriven og først spelt inn avArthur Alexander. Versjonen hans kom ut som ein singel påDot Records den 17. september 1962. Ein versjon vart framført av den engelske rockegruppaThe Beatles og inkludert på debutalbumet deiraPlease Please Me i 1963.

Bakgrunn

[endre |endre wikiteksten]

I følgjeRichie Unterberger, skribent forAllMusic:

«'Anna' var ein av dei første store soulballadane, sjølv om den byksande rytmen var nærare ein mellomrask song enn ein langsam ballade. Som fleire av songane til Alexander vart han meir kjend i eincoverversjon enn originalversjonen vrt. Og han vart faktisk ein liten hit då han først kom ut i 1962, og ådde 68. plassen på poplista og 10. plassen på R&B-lista.[2][3]»

KritikarDave Marsh rangerer Alexander sin «Anna (Go to Him)» som ein av dei 1001 beste singlane gjennom tidene.[1] Han lovpriste den «lett svinganderytmen,» den seige,synkoperte tromminga, og vokalen til Alexander, særleg byrjinga avrefrenget, som indikerer atJohn Lennon kan ha lært seg å syngje balladar som «In My Life» med å lytte til songane til Alexander.[1]

The Beatles-versjonen

[endre |endre wikiteksten]
Anna (Go to Him)
Song avThe Beatles
frå albumetPlease Please Me
Utgjeve22. mars 1963
Innspelt11. februar 1963
Lengd2:54
SelskapParlophone
KomponistArthur Alexander
TekstforfattarArthur Alexander
Låtskrivar(ar)Arthur Alexander
ProdusentGeorge Martin

Songen var ein avJohn Lennon sine personlege favorittar,[4] og vart ein del av det tidlege reperatoaret tilThe Beatles, og spelt inn for debutalbumet deira i 1963,Please Please Me.[5] Det er den førte songen gruppa gav ut som nemner namnet på ei jente. I USA gavVee Jay Records ut albumet påIntroducing... The Beatles (10. januar 1964) ogCapitol Records gav han ut påThe Early Beatles (22. mars 1965).[6] Vee Jay gav òg ut «Anna (Go to Him)» påEP-enSouvenir of Their Visit: The Beatles i USA[7]

Bandet spelte inn songen den 11. februar 1963 på tre forsøk. Det tredje forsøket vart masteren. Han vart miksa den 25. februar.[8]George Harrison spelte gitarfrasane på innsppelinga.Floyd Cramer spelte desse frasane på piano på originalutgåva til Alexander.[9]

Dei framførte «Anna (Go to Him)» den 17. juni 1963 påBBC-radioshowetPop Go the Beatles. Programmet vart sendt 25. juni. Dei framført han ein gong til, 1. august 1963 for programmet som vart sendt 27. august.[10]

Medverkande

[endre |endre wikiteksten]

Lydteknikar varNorman Smith

Personell frå MacDonald[9][11]

Humble Pie-versjonen

[endre |endre wikiteksten]

I 1974 spelteHumble Pie inn songen for albumetThunderbox, det sjuande studioalbumet deira. Deira versjon er meir i ein rhythm and blues-stil med koristane The Blackberries, Carlena Williams, Venetta Fields og Billie Barnum.

Medverkande

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,2Marsh, D. (1999).The Heart of Rock and Soul. Da Capo Press. s. 320.ISBN 9780306809019. 
  2. Unterberger, Richie.«Review of «Anna (Go to Him)»».AllMusic. Henta 10. mars 2018. 
  3. «Arthur Alexander Billboard Singles».AllMusic. Henta 10. mars 2018. 
  4. Harry, Bill (2000).The Beatles Encyclopedia: Revised and Updated. London: Virgin Publishing. s. 28–29.ISBN 0-7535-0481-2. 
  5. Lewisohn, Mark (1988).The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 200.ISBN 0-517-57066-1. 
  6. Lewisohn, Mark (1988).The Beatles Recording Sessions. s. 201. 
  7. Cross, Craig (2005).The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. Lincoln, NE: iUniverse, Inc. s. 544.ISBN 0-595-34663-4. 
  8. Lewisohn, Mark (1988).The Beatles Recording Sessions. s. 24, 26. 
  9. 9,09,1MacDonald, Ian (2005).Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). s. 72–73.ISBN 1-84413-828-3. 
  10. Harry, Bill (2000).The Beatles Encyclopedia: Revised and Updated. s. 877–878. 
  11. «Anna (Go To Him)». The Beatles Bible. Henta 10. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Anna_(Go_to_Him)&oldid=3381068»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp