Anjou er eit tidlegarefylke (kring 880), eithertugdøme (1360), og ein provins sentrert rundt byenAngers i den nedreLoire-dalen i det vestlegeFrankrike. Det tilsvarar stort sett dagensdepartementMaine-et-Loire.
Det politiske opphavet til staden kan trekkjast tilbake til detgalliske samfunnetAndes iantikken som etter erobringa tilJulius Cæsar vart organisert som det romerskecivitas Andecavi. Dette vart verna i ettertid som eit administrativ distrikt underfrankarane med namna pagus, derettercomitatus av Anjou. Dette grevskapet, storleiken synest ha vore tilsvarande med bispedømet Angers, bestod av mesteparten av dagens departement Maine-et-Loire, men omfamna meir nordover,Craon,Candé,Bazouges (Château-Gontier),Le Lude, og i austChâteau-la-Vallière ogBourgueil, medan det i sør ikkje inkluderte dagens byMontreuil-Bellay, og heller ikkjeVihiers,Cholet,Beaupréau, og ikkje distrikta vest forIronne ogThouet på vestsida avLoire som danna territorietMauges. Det grensa mot nord til grevskapetMaine, i aust tilTouraine, og i sør tilPoitiers ogMauges, og i vest til grevskapetNantes.
Frå byrjinga av regimet til kongKarl den skalla vart Anjous alvorleg truga av ein trussel frå to kantar, fråBretagne og fråNormandie. Lambert, ein tidlegare greve av Nantes, hadde, etter å ha herja Anjou saman med hertugNominoé av Bretagne, ved slutten av851 med hell okkupert heile den vestlege delen tilMayenne. Fyrstedømet som han danna for seg sjølv vart då han døydde erobra av hertugErispoé av Bretagne. Frå denne vart det overlevert til etterfølgjarane hans og vart såleis verande i familien til byrjinga av900-talet.
Hele denne tida haddevikingar drive med plyndring av landet og det var trong for ein modig mann til å forsvare det, og i861 gavKarl den skalla tillita tilRobert den sterke, men han døydde i866 i eit slag mot nordbuarar vedBrissarthe.abbeden Hugo etterfølgde han i grevskapet Anjou som i dei fleste andre pliktar, og då han døydde same år vart det vidareført tilOdo, den eldste sonen til Robert den sterke, men då han overtok den franske trona i888 vart tittelen og pliktene truleg gjeve vidare til bror hans, Robert. Det var uansett i dei siste åra av 800-talet at makta i Anjou, som andre stader, vart delegert til ein vicomteFulko den raude (nemnt som vicomte etter 898), sonen til ein vissIngelgerius.
I den andre fjerdedelen av 900-talet hadde Fulko den raude teke tittelen greve, noko hans etterkommarane hans heldt i tre hundreår. Han vart etterfylgt først av sonen sinFulko den gode (941 eller 942–ca. 960), og deretter av sonen hans,Godtfred Grisegonelle (Gråtrøye) (ca. 960–21. juli 987), som gjekk inn for å erobre tilbake dei gamle områda til Anjou frå naboane. Såleis vart vestlege Anjou teke tilbake frå Bretagne og i aust var alle distrikta tilSaumur allereie på den tida teke av grevane avBlois ogTours.
Godtfred Grisegonelle lukkast å gjere greven av Nantes til sinvasall, og få i frå hertugen avAquitaine konsesjon ilen distriktetLoudun. I krigane til kongLothar motnormannarane og mot keisarOtto II av Det tysk-romerske rike, utmerkt han seg sjølv med ei rekkjevåpenskjold som dei episke poetane var raske til å feire.
Sonen hansFulko Nerra (21. juli 987–21. juni 1040) hamna i strid med grevaneOdo I av Blois ogConan I av Rennes. Sistnemnde hadde erobra Nantes som greven av Anjou meinte dei var overherre over. Fulko Nerra drog og kringsette det, og sigra over armeen til Conan islaget ved Conquereuil den 27. juni 992 og reetablerte Nantes under overherredømmet sitt. Deretter vende han merksemda mot greven av Blois. Han etablerte ei festning vedLangeais, ikkje langt frå Tours, og takka vere innblanding frå kongHugo Capet, klarte ikkje Odo å fjerne han.
Då Odo døydde tok Fulko byen Tours i996, men kongRobert den fromme vende seg mot han og tok byen sjølv året etter. I1016 kom det til ei ny strid mellom Fulko ogOdo II, den nye greven av Blois, men han leid nederlag vedPontlevoy den 6. juli1016, og nokre få år seinare då Odo kringsetteMontboyau tok Fulko overraskandeSaumur i1026.
Den sigeren somGodtfred Martel (21. juni 1040–14. november 1060), son og etterfølgjar til Fulko, fekk overTeobald III, greve av Blois, vedNouy den 21. august 1044 sikraangevinane grevskapetTouraine. På denne same tida, fortsette han verksemda til faren sin (som i 1025 hadde tattHerbert I av Maine til fange og berre sette han fri på vilkår om at han vart vasallen hans), makta Godtfred å redusere grevskapet Maine til at det vart heilt avhengig av han. I løpet av tida til fara hans hadde han vorte oversigra avGervais de Château-du-Loir, biskop av Le Mans (1038), men seinare, i 1047 eller 1048, makta han å ta sistnemnde til fange, noko som fekk paveLeo IX til å lyse han i bann ved kyrkjerådet iReims i oktober 1049. Trass i dette og dei samstemde åtaka fråVilhelm Bastarden,hertug av Normandie, ogHenrik I av Frankrike, var han i stand til tvinge Maine i 1051 til å respektere autoriteten hans, men mislukkast å ta hemn over Vilhelm av Normandie.
Etter at Godtfred Martel døydde i1060 vart det strid om etterfølgjaren. Martel hadde ingen born, men lova grevskapet til den eldste nevøen sin,Godtfred den skjeggete, son avGodtfred av Gâtinais, og Ermengarde, dotter av Fulko Nerra.Fulko le Réchin (moglegvis «Skjelaugde»), bror av Godtfred, var først nøgd med å fåSaintonge og festninga iVihiers. Men då Saintonge vart erobra i1062 av hertugen av Aquitaine tok han sjølv fordel av den generell misnøya med broren sin manglande dugleik og gjorde seg sjølv til herre over Saumur og Angers 1067 og fekk kasta Godtfred i fengsel. Press frå paven førte til at Godtfred vart lauslate og gjeninnsett, men i eit slag i nærleiken avBrissac i året etter vart Godtfred slått og atter fengsla, no i festninga i Chinon. For å få heva på at han var greve måtte Fulko IV Réchin føre ein lang kamp med baronane sine, å avstå Gâtinais til kongFilip I av Frankrike, og å underkaste Touraine for greven av Blois. På den andre side hadde han suksess i å fortsetje politikken til Godtfred Martel i Maine: etter å ha øydelagtLa Flèche, fått fred medBlanchelande i1081, fekk hanRobert Curthose, son av Vilhelm Bastarden, til gje han hyllest for Maine. Seinare fekk hanElias av La Flèche, vendt motVilhelm Rufus, konge av England, og ved heideren av Elias som greve av Maine i1100, fekk han arrangert for sonen sin med Bertrade de Montfort,Fulko V den ungen, eit ekteskap med dotter og einearving til Elias.
Fulko V den unge (14. april 1109–1129) etterfølgde som greve i Maine då Elias døydde den 11. juli1110, men denne utvidinga avAngevin-riket kom i direkte konflikt med interessene til England sidanHenrik I av England òg varhertug av Normandie etter å ha nedkjempa broren sin Robert Curthose. Ein krig mellom dei to maktene var uunngåeleg. I1112 braut han ut, og Fulko kunne ikkje hindre at Henrik I tokAlençon og fengslaRobert de Bellême, og Fulko vart tvinga til bøye av og gje si hyllest for Maine til kongen av England itraktaten ved Pierre Pecoulée den 23. februar1113. Som hemn for dette nedkjempa han armeen til Henrik vedAlençon i1118 og i mai året etter var det Henrik som kravde fred, og ei fredsavtale vart sikra ved å gifte den eldste sonen sin og arvingWilliam Adelin til Fulkos dotter Matilda. Då William Adelin kort tid etter drukna i skipsulukka med «Det kvite skipet» i 1120 gjekk alliansen i oppløysing, men då Fulko kom tilbake frå pilegrimsreise iDet heilage landet (1120-1121) fekk han den andre dottera si Sibyl gifta medWilliam Clito, son av Robert Curthose, som kunne gjere krav på hertugdømet Normandie og teoretisk òg på kongedømet England. Sibyl fekk Maine som medgift. Henrik fekk dette ekteskapet annullert ved å hevde at partane var i nær slekt. I1127 kom ein ny allianse i gang då Henrik trulova dottera siMatilda eller Maud, enke etterHenrik V av Det tysk-romerske riket, til den unge sonen til FulkoGodtfred den smukke. Bryllaupet vart feira den 2. juni1129 iLe Mans, og kort tid etter, på invitasjon fråBaudouin II av Jerusalem, drog han tilJerusalem for å gifte seg medMelisende, dotter til Baudouin og arving, og såleis overta trona tilkongedømet Jerusalem den 14. september 1131. Den eldste sonen hans Godtfred den smukke, eller «Plantagenet» som han etter kvart vart kalla, etterfølgde han som greve av Anjou (1129–7. september 1151).
Frå den første Godtfred Plantagenet freista å profittere ved dette ekteskapet og etter at Henrik I døydde i1135 la det grunnlaget for ei erobring avNormandie ved ei rekkje hærtokt. I byrjinga av1136 gjekk han inn i landet og vart saman att med hustrua si, keisarinne Maud som hadde motteke underkasting avArgentan,Domfront ogExmes. Etter å ha vorte kalla tilbake til Anjou ved eit opprør frå ein av baronane sine tok han igjen styringa same år over ein sterk hær. Blant folka hans varGuillaume X av Poitiers, hertug av Aquitaine; grevGodtfred av Vendôme; ogGuillaume I av Ponthieu. Etter ei rekkje suksessar vart han sjølv såra i foten under kringsetjinga avLe Sep og måtte trekkje seg tilbake.
I mai1137 byrja eit nytt felttog der han øydela distriktetHiémois (rundtExmes) og brannBazoches. I juni1138, med støtte fråRobert, 1. jarl av Gloucester, fekk Godtfred underkastinga tilBayeux ogCaen. I oktober herja han nabolaget tilFalaise, og endeleg i mars1141 då han høyrde om suksessen til hustrua si iborgarkrigen i England gjekk han igjen inn i Normandie og tok heile landet i triumf. By etter by overgav seg: i 1141Verneuil,Nonancourt,Lisieux, ogFalaise; i1142Mortain,Saint-Hilaire, ogPontorson; i1143Avranches,Saint-Lô,Cérences,Coutances, ogCherbourg; i byrjinga av1144 gjekk han inn iRouen og den 19. januar mottok han hertugkrona i katedralen til byen. Til slutt i1149 etter å ha knust eit siste forsøk på opprør overrekte han hertugdømmet til sonen sinHenrik Curtmantle som mottok investitur (innsetningsretten) frå handa til den franske kongen.
Medan Fulko den unge og Godtfred Plantagenet dreiv på med å utvide grevskapet Anjou neglisjerte dei ikkje å styrkja autoriteten deira heime då baronane var opprørske. I samsvar med Fulko den unge finst berre nokre få isolerte faktum og datoar: omtrent 1109 vartDoué ogL'Île Bouchard teke; i 1112 vartBrissac kringsett, og på omtrent same tidEschivard av Preuilly underkasta; i 1114 var det ein generell krig mot opprørske baronar, og i 1118 eit nytt opprør som vart slått ned ved kringsetjinga avMontbazon: i1123 gjorde herren avDoué opprør og i1124 vartMontreuil-Bellay teke etter ei kringsetjing som varte i ni veker. Godtfred Plantagenet med den utrøyttelege energien sin undertrykte ein allianse av vasallane hans, den største trusselen kom i1129. Blant dei som gjorde opprør varGuy IV av Laval,Giraud I av Montreuil-Bellay, vicomte avThouars, herrane avMirebeau,Amboise,Partbenay ogSablé. Godtfred vann over dei den eine etter den andre, tok Thouars og okkuperte Mirebeau.
Ytterlegare eit opprør vart knust i1134 ved øydelegginga av Cand og i å erobreL'Île Bouchard. Medan han var i Normandie plasserteRobert III av Sablé seg sjølv i leiinga for opprørsrøsla. Godtfred reagerte med å øydeleggjeBriollay og okkupereLa Suze til Robert III av Sablé vart tvinga til audmjukande å be om forlating via biskopen av Angers. I1139 tok GodtfredMirebeau og i1142Champtoceaux, men i1145 braut eit nytt opprør ut, og denne gongen under leiing av Elias, hans eigen bror, som med støtte frå Robert III av Sablé, kravde grevskapet Maine. Godtfred tok broren sin til fange, tvinga Robert III til å trekkje seg tilbake, og reduserte dei andre baronane. I1147 øydela hanDoue ogBlaison, og i1150 kom eit opprør avGiraud av Montreuil-Bellay: for eit år kringsette han staden inntil det overgav seg og tok Giraud til fange og slapp han berre fri etter at kongen av Frankrike bad om det.
Då Godtfred Plantagenet døydde den 7. september1151 var sonen hans Henrik arving til eit stort rike, sterkt og konsolidert, og med hans eige ekteskap tilEleonora av Aquitaine i mai1152 vart ògAquitaine inkludert.
Då kongStefan av England døydde vart Henrik anerkjent som konge av England den 19. desember1154 i samsvar medtraktaten av Wallingford. Broren hansGodtfred II av Bretagne, som hadde fått dei tre festninganeChinon,Loudun ogMirebeau som apanasje, freista å overta Anjou under grunngjevinga at det var viljen til faren hans: arven til faren hans skulle gå til han då Henrik fekk arv etter mora si. Då Henrik høyrde dette lét han seg lauslate frå eiden sin til paven og marsjerte mot broren sin med ein hær i byrjinga av1156. Han erobra Chinon og Mirebeau, og i juli han tvinga Godtfred II til å gje opp sine tre festningar til gjengjeld for ein årleg pensjon. Såleis makta Henrik å halde grevskapet Anjou heile livet sitt, sjølv om han gav det til sonen sinHenrik den unge då sonen vart gammal nok til å styre det, men nekta bestemt å gje han grunn til å glede seg over makta si. Etter at Henrik II døydde i1189 gjekk grevskapet saman med hans øvrige maktområde til sonen hansRikard I av England, men då han døydde i1199, kravdeArthur av Bretagne (fødd1187) arva på grunn av at han høyrde til han via faren hans Godtfred , den fjerde sonen av Henrik II, i samsvar med sedvanen at «sonen til den eldste broren skal etterfølgje ferdenearva til far sin».
Han sette seg opp i rivalisering medJohn Lackland, den yngste sonen til Henrik II, og med støtte fråFilip II August av Frankrike ogWilliam des Roches, seremonimester av Anjou. Han kom til Angers i april1199 og der fekk seg anerkjent som greve av tre grevskap, Anjou, Maine og Touraine, og derav gav hyllest og underkasting til den franske kongen framfor den engelske. KongJohan av England fekk snart fordel då Filip II August svikta Arthur itraktaten av Le Goulet i1200. I1202 nekta Arthur såleis å gje hyllest til franskekongen som umiddelbart konfiskerte alle eigedomane hans, inkludert Anjou. I eit nederlag vart Arthur teke til fange av kongen av Frankrike i august 1202, noko som synest å sikre kong Johan suksess, men han vart forlate avWilliam des Roches som året etter støtta Filip II August i å underkaste heile Anjou. Som eit siste forsøk frå Johan tok han Angers1214, men gjekk på eit nederlag islaget ved La Roche-aux-Moines. Grevskapet vart verande tilknytt den franske krona.
Kort tid etter vart grevskapet igjen åtskild dåLudvig IX av Frankrike i august1246 gav det som apanasje til nevøen sin grevKarl av Provence, som snart etter vart konge avkongedømet Napoli ogkongedømet Sicilia. Karl I av Anjou, med det store riket sitt, gav lita merksemd til Anjou, noko sonen hansKarl II av Napoli, den vanføre, som etterfølgde han den 7. januar1285. Den 6. august1290 gifta Karl den vanføre dottera si Margaret tilKarl av Valois, son avFilip III av Frankrike, den dristige, og gav henne Anjou og Maine som medgift i byte for kongedømaAragon ogValentia, og ved at Karl av Valois oppgavgrevskapet Barcelona. Karl av Valois tok umiddelbart grep om grevskapet Anjou somFilip IV av Frankrike i september1297 knytte eit fransk adelskap til. Den 16. september1325 døydde Karl og etterlét Anjou til den eldste sonen sinFilip av Valois og då han vart anerkjent som konge av Frankrike somFilip VI den 1. april1328 vart grevskapet Anjou igjen sameint med den franske krona.
Den 17. februar1332 skjenkte Filip VI grevskapet til sonJohan II av Frankrike, den gode, som då han vart konge i august1350 lét det gå til den andre sonen sinLouis I og heva det til hertugdøme i den franske adelskalenderen den 25. oktober1360. Louis I vart i tida si òg greve av Provence og konge av Napoli før han døydde i1384 og etterfølgde sonen sinLouis II som nytta det meste av tida si og krafta si til kongedømet Napoli og etterlét styringa av Anjou bortimot fullt i hendene på hustrua siYolande av Aragon. Då han døydde i april1417 tok ho sjølv formyndarskapet til den unge sonen deiraLouis III og i eigenskapen hennar som regent forsvarte ho hertugdømet motEngland. Louis III, som etterfølgde faren sin som konge av Napoli, døydde den 15. november1434 og etterlét seg ingen born. Hertugdømmet Anjou gjekk då til fetteren hansRené, den andre sonen til Louis II og Yolande av Aragon.
Ulikt sine forgjengarar som sjeldan vart lenge i Anjou haddeRené av Anjou frå1443 lange besøk der, og hoffet hans iAngers vart éit av dei mest lysande i kongedømmet Frankrike. Då sonen hans Johan døydde brått i desember1470 av grunnar som er uklare flytta han bustaden sin til Provence og forlét Anjou for godt. Etter å ha gjort ein nedskriving av alle eigedomane sine forlét han hertugdømmet i oktober1471 med dei mest verdifulle rikdomane. Den 22. juli1474 trekte han opp eit testamente som delte etterfølgjaren sin mellom barneborna hansRené II av Lorraine og nevøen hans grevKarl II av Maine. Då kongLudvig XI av Frankrike, som sjølv var ein son av ein av systrene til René, høyrde dette tok han hertugdømet med makt, men heldt det ikkje lengje. Han vart forsona med René i1476 og gav det tilbake, truleg umed vilkår at René lét han vere arving. Korleis det enn var, då René døydde i1480 vart hertugdømmet igjen tilknytt den franske krona.
Seinare gavFrans I av Frankrike hertugdømet Anjou som apanasje til mora siLouise av Savoia. Då ho døydde i september1531 gjekk Anjou tilbake til den franske trona. I1552 vart det gjeve som apanasje avHenrik II av Frankrike til sonen hansHenrik av Valois som då han vart konge i1574 gav det vidare til broren sinFrançois,hertug av Alençon, i traktaten avBeaulieu i nærleiken avLoches i mai1576. Francis døydde den 10. juni1584 og Anjou gjekk atter tilbake til den franske krona.
Først vart Anjou inkludert under militær kommando av Orléanais, men på1600-talet vart gjort til eit eige styre. Saumur og Saumurois som kongHenrik IV av Frankrike i1589 hadde omgjort til eit sjølvstendig militært stattholderskap til fordel for Duplessis-Mornay, fortsette fram tilden franske revolusjonen som eit åtskiltgouvernement som inkluderte omfram Anjou òg delar avPoitou ogMirebalais. Tilknyttgénéralité av Tours bestod Anjou i byrjinga av revolusjonen av femêlections (juridiske distrikt):Angers,Beaugé,Saumur,Château-Gontier,Montreuil-Bellay og delar avêlectionsLa Flèche ogRichelieu. Økonomisk danna han ein del av den såkallapays dei granden gabelle og bestod av 16 særskilde domstolar, ellergreniers à sel (saltvarehus):Angers,Beaugé,Beaufort,Bourgueil,Candé,Château-Gontier,Cholet,Craon,La Flèche,Saint-Florent-le-Vieil,Ingrandes,Le Lude,Pouancé,Saint-Remy-la-Varenne,Richelieu, ogSaumur. Grunna dette var Anjou ein del av parlamentet iParis. Angers vart hovudsetet der jurisdiksjonen bestod avsénéchaussées av Angers, Saumur, Beaugé, Beaufort og hertugdømmet Richelieu. Då ein i1790 vedtok å dele Frankrike opp idepartement danna Anjou og Saumurois unntatt nokre territorium, det nye departementetMaine-et-Loire, ei ordning som gjeld enno.