Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Anhui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ānhuī
安徽
provins
Land Folkerepublikken Kina
Areal139 000 km²
Folketal 60 300 000(2012)
LeiarLi Guoying,Wang Qingxian
Kart
Anhui
31°50′00″N117°00′00″E / 31.833333333333°N 117°E /31.833333333333; 117
Kart som viser Anhui.
Kart som viser Anhui.
Kart som viser Anhui.
Wikimedia Commons: Anhui

Anhui (forenkla kinesisk安徽, pinyinĀnhuī) er ein provins iFolkerepublikken Kina. Provinsen ligg aust i Kina, ved buktene tilChang Jiang (Yangtze-elva) ogHuai He-elva. Han grensar tilJiangsu i aust,Zhejiang i søraust,Jiangxi i sør,Hubei i sørvest,Henan i nordvest, ogShandong eit lite område i nord. Provinshovudstaden erHefei.[2]

Den kinesiske enkeltteiknsforkortinga er 皖 forWan. NamnetAnhui er avleidd frå bynamnaAnqing ogHuizhou (i dagHuangshan).

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Anhui består av fleire, ulike landskapstypar. Norddelen av provinsen er del av den nordkinesiske sletta, medan midtre områda i nord høyrer til landskapet langsHuai He. Begge desse områda er svært flate og tett folkesette. Lenger sør vert landskapet meir kupert, der fjellkjeda Dabieshan dekker mykje av det sørvestlege Anhui. Fleire fjellkjeder og høgder går gjennom det søraustlege Anhui. Sør i Anhui renn elva Chang Jiang renn gjennom dei to sistnemnde fjellområda. Høgste fjelltoppen i Anhui er det 1 873 meter høge Lotusfjellet i Huangshan-fjella, søraust i provinsen.

Dei største elvane er Huai He i nord og Chang Jiang i sør. Største innsjøen er Chaohu, sentralt i provinsen, som dekker eit areal på i kring 800 km². Søraust i provinsen, nær Chang Jiang, er det mange innsjøar.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Klimaet i nord er heller temperert, med ganske klare skilje mellom årstidene. Temperaturnormalen for januar ligg mellom -1 til 2°C nord for Huai He, og mellom 0 to 3 °C sør for Huai He. Middeltemperaturen for juli er på 27 °C eller høgre. Regntida pågår i juni og juli månad og kan føre sette store område under vatn.

Demografi

[endre |endre wikiteksten]

Han-kinesarar utgjer eit overveldande fleirtal i Anhui.Huifolk ogshefolk er dei to største minoritetsgruppene.

Administrasjonseiningar

[endre |endre wikiteksten]

Anhui er sidan august 2011 delt i 16 byprefektur.

Kart#NamnHanziHanyu PinyinAdministrasjonssete
byprefektur
1Hefei合肥市Héféi ShìLuyang
2Anqing安庆市Ānqìng ShìYingjiang
3Bengbu蚌埠市Bèngbù ShìLongzihu
4Bozhou亳州市Bózhōu ShìQiaocheng
6Chizhou池州市Chízhōu ShìGuichi
7Chuzhou滁州市Chúzhōu ShìLangya
8Fuyang阜阳市Fǔyáng ShìYingzhou
9Huaibei淮北市Huáiběi ShìLieshan
10Huainan淮南市Huáinán ShìTianjia'an
11Huangshan黄山市Huángshān ShìTunxi
12Lu'an六安市Lù'ān ShìJin'an
13Ma'anshan马鞍山市Mǎ'ānshān ShìYushan
14Suzhou i Anhui宿州市Sùzhōu ShìYongqiao
15Tongling铜陵市Tónglíng ShìTongguanshan
16Wuhu芜湖市Wúhú ShìJinghu
17Xuancheng宣城市Xuānchéng ShìXuanzhou

Dei seksten byprefektura er delt opp i 105 einingar påfylkesnivå (44distrikt, fembyar på fylkesnivå, og 56fylke). Desse er i sin tur delt opp i til saman 1 845kommunar (972 bykommunar, 634 landkommunar, ni etniske landkommunar, og 230 subdistrikt).

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]

Landbruket, som er viktigaste næringsvegen i Anhui, varierer i høve til kva klimasone ein er i. Nord for elva Huai He dyrkar ein mestkveite ogsøtpoteter, dessutansoyabønner,mais ogdurra. Sør for Huai He dominererris og kveite, våtrisen utgjer halvparten av jordbruksproduksjonen og vert dyrka dei fleste stader sør for Huai He. Største salsavlingane i provinsen erraps,te,bomull,tobakk,silkeormkokongar ogjute. Teen i provinsen er kjent for sin fine kvalitet. Det vert også dyrkapærer,druer,dadlar og granateple. Viktigastehusdyra erstorfe ogsvin. Skogsområda i fjella er rike på ei rekke planteprodukt som vert nytta i kinesiskurtemedisin. Dei mangeinnsjøane gjer at Anhui er eit senter for oppdrett avferskvassfisk i Kina.

Naturressursane i Anhui omfattarjarnmalm i Ma'anshan, kol i Huainan, og kopar i Tongling. Desse naturressursane vert foredla i nærområda. LangsChang Jiang finst nokotungindustri, han er etter kinesisk målestokk relativt småskala. Dei tre største næringsselskapa i Anhui er høvesvis einsementprodusent, eit forsikringsselskap og eit jarn- og stålverk.Bilprodusenten Chery held til i Wuhu.Kjøleskap ogvaskemaskiner vert også laga i provinsen. Viktige industrigreiner elles ertekstilproduksjon og tilverking av matvarer. Særleg er Bengbu kjent for sin fødevareindustri.Likørar er mellom lokale spesialitetar.

Skipstrafikken på dei mange elvane er eit markant trekk i samferdsla. Større skip kan gå på Chang Jiang heile året.Fuyang ogHefei er viktige knutepunkt på det nasjonale jarnbanenettet. JarnbanelinjaBeijing-Kowloon som vart opna i 1997, går gjennom Anhui.

Samanlikna med naboane i aust,Zhejiang ogJiangsu, ligg Anhui markert etter i økonomisk utvikling med eitbruttonasjonalprodukt rundt ein tredel av nivået i dei to provinsane. Dessutan er det store interne skilje, mesteparten av rikdomen ligg i industriregionane nær Chang Jiang, så som Hefei, Wuhu, og Ma'anshan. Stadige flaumar er ei av årsakene til at Anhui er mellom dei mindre utvikla provinsane. Ein ganske stor del av befolkninga reiser til andre provinsar for å søke arbeid.

Steinport til byen Xidi i Anhui.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Provinsen Anhui vart oppretta på 1600-talet. Før det var det inga eining som heitte Anhui, heller ikkje under noko anna namn. Det nordlege Anhui var kulturelt klart ein del avden nordkinesiske sletta og hadde dermed mykje til felles med det som i dag er provinsenHenan. Det sentrale Anhui omfatta det meste av det fruktbare og tett folkesette nedslagsfeltet for elvaHuai He. Det sørlege Anhui, som ligg langs begge sider av elvaChang Jiang, låg kulturelt nærare med provinsaneHubei og sørlegeJiangsu. Høgdedraga i det søraustlege Anhui utgjorde sin eigne distinkte kulturelle sfære. Opprettinga av provinsen har ikkje utviska de kulturelle skilnadene.

UnderShang-dynastiet utgjorde det meste av folkesetnaden innan området ikkjekinesiske folkegrupper som kollektivt gjekk under det kinesiske namnetDongyi.Kong Tang av Shang, legendenes stiftar av Shang-dynastiet, skal ha hatt hovudstaden sin i Bo (亳), i området rundtBozhou i det moderne nordlege Anhui.

Underkrigarrika-tida vart Shouchun (det moderne fylketShou) i det sentrale Anhui gøymestad forChu etter at kjerneområda der i det moderneHubei vart erobra frå vest av den mektigestaten Qin, i 278 f.Kr. Qin klarte etter kvart å erobre hiele Kina i 221 f.Kr. og danna dermedQin-dynastiet.

Anhui var administrert under ei rekkje kommanderi underQin-dynastiet ogHan-dynastiet. Nær slutten av Han-dynastiet vart Shouchun base forkrigsherrenYuan Shu, som utropte seg sjølv til keisar men kort etter dukka under av sjukdom slik at det vesle riket hans hamna under krigsherrenCao Cao, grunnleggjar avWei-riket, eit avdei tre kongedøma.

På 300-talet trengte ei rekkje nomadiske stammer fråSentral-Asia inn i det nordlege Kina. Dette innleidde nokre hundreår med politisk skilje mellom det nordlege og det sørlege Kina. Ettersom Anhui låg i overgangssona mellom nord og sør, gjennomlevde det stadige maktskifte, og dei ulike delane vart delaktig i ulike historiske skjebnane.Slaget ved Feishui i år 383, fann stad i Anhui.

Sui-dynastiet (581-618) ogTang-dynastiet (618-907) innebar fred og semje i Kina; under desse åra var Anhui styrt av vekslande jurisdiksjonar.

Då Kina var delt mellomJin-dynastiet i nord ogdet sørlege Song-dynastiet i sør var Anhui atter todelt, denne gongen langs Huai He. Dette varte tilmongolane sameinte Kina att i 1279.

MedMing-dynastiet vart rikshovudstaden til å begynne med lagt tilNanjing, og då vart det som no er Jiangsu og Anhui gitt ein felles spesialstatus som territorium direkte understilt sentralregjeringa, òg kallaNanzhili (南直隸 «sørleg direktestyrt»). Dette heldt fram sjølv om hovudstaden snart vart flytta tilBeijing.

Qing-dynastiet, som erobra Kina i 1644, endra dette ved å omgjere Nanzhili til ein vanleg provins under namnetJiangnan, og i 1666 vart Jiangsu og Anhui delt i to provinsar. Dette var starten på den noverande provinsen Anhui, som for det meste har halde på dei dåverande grensene. Den einaste større endringa var flyttinga av provinshovudstaden fråAnqing til det meir sentralt plasserteHefei i 1946.

Folkerepublikken Kina vart grunnlagt i 1949 vart Anhui ei kort tid delt i to administrative regionar: Wanbei (nordlege Anhui) og Wannan (sørlege Anhui). Dei vart slegne saman til ein provins i 1952.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,2https://web.archive.org/web/20130727021210/http://www.stats.gov.cn/english/newsandcomingevents/t20110429_402722516.htm.
  2. Næverdal, Cato; Klepsvik, Erik (22. august 2023).«Anhui».Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Anhui
Provinsar
Kinas flag
Autonome regionar
Byprovinsar
Spesielle administrative regionar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Anhui&oldid=3555084»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp