Angola, tidlegareFolkerepublikken Angola, er ein republikk iSørvest-Afrika. Angola har kyst motAtlanterhavet og har grense motKongo-Brazzaville,Kongo-Kinshasa,Namibia ogZambia. Den angolske provinsenCabinda er ein enklave som er skild frå resten av landet av Kongo-Brazzaville. Cabinda har Angola si einaste grense mot Kongo-Brazzaville.Hovudstaden og den folkerikaste byen erLuanda, som ligg ved kysten nordvest i landet.
Satellittbilde av Angola frå 2022.Kart over Angola
Angola har vore folkesett sidan eldre steinalder. Etter atbantuekspansjonen nådde området var det blitt skipa statar på 1200-talet som seinare danna føderasjonar.Kongoriket fekk overherredøme over dei andre statane frå 1300-talet av. Portugisiske utforskarar skipa samband med Kongo i 1483. I sør var kongerika Ndongo og Matamba, med Ovimbunduriket lenger sør, og Mbundariket i aust. Portugisarane byrja kolonisera kysten frå 1500-talet av. Kongoriket kjempa tre krigar mot Portugal, som enda med at portugisarane overvann Ndongo og Angola blei del avdet portugisiske imperiet.
Som for andre portugisiske koloniar medførte militærkuppet i kolonimakta i1974 ein rask frigjeringsprosess. For Angola drygde denne på grunn av maktkamp mellom tre ulikegeriljagrupper og ein stor europeisk minoritet i landet. Landet fekk fullt sjølvstende først i1975.
Denmarxist-leninistiske geriljaenMPLA med støtte fråSovjetunionen tok kontrollen over hovudstadenLuanda og store delar av resten av landet. DenUSA- ogZairestøttaFNLA-geriljaen blei raskt marginalisert, medanUnita-geriljaen med støtte fråSør-Afrika og seinare USA heldt eit fast grep om dei sørlege delane av landet.
MPLA hadde to presidentar,Agostinho Neto fram til 1979 og deretterJosé Eduardo dos Santos, som vann det demokratiske presidentvalet i 1992 under ein kort fredsperiode mellom dei to stridande partane. Dei skreiv under på ein fredsavtale i 1994, men verkelegfred kom først etter at Unita-leiarenJonas Savimbi blei drepen i 2002.
Sidan slutten av borgarkrigen har Angola blitt omdanna til ein relativt stabil konstitusjonell republikk, med ein av dei raskast veksande økonomiane i verda. Den økonomiske veksten har likevel vore svært ujamn, med det meste av rikdommen konsentrert i ei uforholdsmessig liten del av folkesetnaden i landet. Dei fleste innbyggjarane i Angola har låg levestandard. Forventa levealder er blant dei lågaste i verda, medan spedbarnsdødelegheita er blant dei høgaste.[2]
Namnet «Angola» kjem frå detportugisiske kolonialnamnetReino de Angola (‘Kongedømet Angola’), som blei nytta så tidleg som iPaulo Dias de Novais sitt charter frå 1571.[3] Stadnamnet blei danna av portugisarar frå tittelenngola, som blei nytta av herskarane iNdongo ogMatamba. Ndongo i høglandet, mellom elveneCuanza ogLucala, var nominelt underlagtKongoriket, men på 1600-talet søkte det større sjølvstende.[4]
Innanfor kystsletta hevar det seg eit breittgrunnfjellsplatå som har tydelegeterrassar, mest markert der høglandet fell ned mot kysten. Nokre stader har platålandet karakter avfjell, mest utprega iSerra da Chela i sørvest. Einhorstrygg medSerra Môco (2620 moh.) som det høgaste punktet, går i retning sør–nordaust og dannar eit markertvasskilje. Austom fjella ligg det høgtliggandeBié-platået (1500–1800 moh.).
Omtrent halvparten av dei talrike elvane i landet har avrenning mot Kongoelva, medan dei andre stort sett har avrenning motZambezi. Berre nokre få renn rett ut i Atlanterhavet, mellom annaCuanza (Kwanza), den lengste elva i landet (965km lang), ogKunene, som dannar grense motNamibia i sør.Cubango renn ut iOkavango.Cuango er ei sideelv tilZambezi som renn ut iIndiahavet. I den austlege delen av Bié-platået spring mellom anna Cuango ogKasai ut, begge sideelvar til Kongo.
Den søraustlege delen av Angola dannar ein jamn overgang motKalahari. Platåa er låge, 500–700 moh., og terrenget er forholdsvis flatt.
Store delar av Angola ligg på eithøgareliggande platå, og har eit klima som ertropisk, med ei enkel regntid frå oktober til mars, og ei lang tørketid i mellom.Huambo har ein normal årsnedbør på 1448mm. På grunn av høgda vert ikkje temperaturen så høg som ein kunne vente i tropane, og fører til eit ganske behageleg klima.
Over 1500 moh. er temperaturane meir tempererte, og ikkje tropiske, og ein kan få episodar med frost. Tørketida er ein månad kortare i dei nordlege områda av landet samanlikna med Huambo som har fem månadar utan regn. Dei indre områda får stort sett mellom 1000 og 1500mm i løpet av regntida.
Kysten av Angola er derimot uvanleg for desse breiddegradene. Temperaturen og nedbørsmengdene er mykje lågare på grunn av den kalde Benguelastraumen utanfor kysten. Denne fører tiloppvelling av kaldt havvatn, og dei stabile forholda det fører med seg hindrar danninga av regnbyer. KystbyenMoçâmedes har ein normal årsnedbør på 55mm. Kystområda harørken- ellersteppelandskap nordover motLuanda, men nedbørsmengdene aukar gradvis nordover, og heilt nord får ein om lag 600mm i året. Kystområda får òg mykje lågeskyer ogtåke når varm luft strøymer utover den kalde havflata. I samband med austleg vind kan temperaturen bli ganske høg, men vanlegvis vert ikkje temperaturen noko særleg høgare enn 25°C.
I det fyrste tusenåret f.Kr. blei desse folka fortrengde avbantufolk frå nord. Dei fleste av desse kom truleg opphavleg frå det som i dag utgjer Nordvest-Nigeria og sørlegeNiger.[6] Bantufolka innførte dyrking avbanan ogtaro, i tillegg til store flokkar med storfe, til dei sentrale høglanda i Angola og Luanda-sletta.
Etter at nykomarane busette seg i området utvikla det seg ei rekkje politiske einingar. Den best kjende av desse varKongoriket. Det strekte seg nordover frå dagens Angola til det som no erDen demokratiskeRepublikken Kongo,Republikken Kongo ogGabon. Det etablerte handelsruter med andre bystatar og sivilisasjonar opp- og nedover kysten i Vest- og Sørvest-Afrika. Kjøpmenn knytte til denne ruta kom tilStore Zimbabwe ogMutapariket, men riket hadde lite eller ingen handel over havet.[7] I sør lågkongeriket Ndongo, som etter koloniseringa av Portugal av og til blei kalla Dongo. Ved sidan av dette riket lågkongeriket Matamba.[8] Det mindrekongeriket Kakongo i nord blei seinare ein vasallstat av Kongoriket. Folk i alle desse statane snakkakikongo som fellesspråk.
Denportugisiske utforskarenDiogo Cão kom til området i 1484.[8] Året før hadde portugisarar skipa samband med Kongoriket, som på denne tida strekte seg frå dagensGabon i nord til elvaKwanza i sør. Portugisarane grunnla den fyrste handelsposten sin iSoyo, som i dag er den nordlegaste byen i Angola om ein ser bort fråCabinda-eksklaven.
Paulo Dias de Novais grunnla São Paulo de Loanda (Luanda) i 1575 med hundre busetjarfamiliar og fire hundre soldatar.Benguela blei skipa som festning i 1587 og fekk bystatus i 1617. Kongoriket var ein autoritær stat som var sentralisert rundt monarken og kontrollerte naboland som vasallar. Det hadde ein sterk økonomi, basert på industri og handel knytt tilkopar,elfenbein, salt, skinn og i mindre gradslavar.[9] Overgangen frå eit føydalt samfunn med slaveri til eit kapitalistisk samfunn med Portugal ville visa seg å vera avgjerande for historia til Kongoriket.[10]
Etterkvart som sambandet mellom Kongo og Portugal auka på byrjinga av 1500-talet, auka også handel mellom dei to kongerika. Størstedelen av handelen var iraffia, koppar og elfenbein, men òg aukande mengderslavar.[10] Kongo eksporterte få slavar, og slavehandelen hadde halde seg innanfor landet. Men etter at det blei utvikla vellykka sukkerdyrkande koloniar etter at portugisarar slo seg ned påSão Tomé, blei Kongo ei viktige kjelde til slavar for handelsmenn og plantasjar på øya. Korrespondanse frå kong Afonso dokumenterer kjøp og sal av slavar innanfor landet. Dokumenta fortel òg om kva slavar som var blitt tekne som krigsfangar blei gjevne eller selde til portugisiske handelsmenn.[11]
Afonso heldt fram med å utvida kongeriket Kongo på 1540-talet, og utvida grensene i sør og aust. Folkevekst i Kongo, i lag med tidlegare religiøse reformer under Afonso, lét herskaren sentralisera makta til hovudstaden og auka makta til monarken. Han etablerte òg eit kongeleg monopol på nokre typar handel.[10][11] For å styrka den veksande slavehandelen kravde Afonso og fleire portugisiske kongar eit felles monopol på den eksterne slavehandelen.[10][11]
Slavarhandelen blei i aukande grad den primære og kanskje einaste økonomiske sektoren i Kongo. Ei stor hindring for Kongoriket var at slavar var den einaste vara dei europeiske maktene var villige til å handla med. Kongo mangla ein effektivinternasjonal valuta. Kongolesiske adelsfolk kunne kjøpa slavar med den lokale valutaen,nzimbu-skjel. Desse kunne seljast for å få internasjonal valuta.
Ettersom slavar var den einaste vara europearar var interesserte i frå regionen på 1500- og 1600-talet, kunne ikkje Kongo-økonomien ikkje diversifisera økonomien sin eller seinareindustrialisera seg utanfor sektorar som slaveri var involvert i, som våpenindustrien.[12][13] Den auka produksjonen og salet av våpen i kongeriket var på grunn av det fremste problemet med slavehandelen, som var blitt ein stadig meir valdeleg kamp. Det var eit konstant behov for slavar som kongane og dronningane kunne selja i bytte for utanlandske råvarer. Mangelen på dette ville hindra dei i å ha noko innverknad med europeiske makter som Portugal og seinareNederlanda.
Kongolesiske kongar trong denne innverknaden for å få støtte frå europeiske makter for å slå ned lokale opprør. Situasjonen blei stadig vanskelegare underGarcia II, som trong hjelp frå det nederlandske militæret for å driva ut portugisarar fråLuanda, til trass for at Portugal var den viktigaste slavehandelspartnaren til Kongo.[12]
Tidlege på 1600-talet gjekk talet på utlendingar fanga av kongolesarane som kunne seljast som slavar ned. Styresmaktene byrja å godkjenna å dømma frie kongolesiske borgarar til slaveri for relativt små brotsverk, nesten alle for ulydnad mot det autoritære systemet og aristokratiet. Dersom fleire landsbybuarar blei dømde for å ha gjort eit brotsverk, blei det relativt vanleg at heile landsbyen blei gjort til slavar. Det resulterande kaoset og den interne konflikten frå styret til Garcia II fortsette under sonen og etterfølgjaren hans,Antonio I. Han blei drepen i 1665 av portugisarar i Slaget ved Mbwila, saman med ein vesentlig del av aristokratiet. Kolonimaktene utvida innverknaden sin.[14]
Etter at António I døydde braut det ut krig i Kongo.[13] Mykje av stabiliteten og tilgangen tiljernmalm ogtrekol som var naudsynt for å oppretthalde våpenindustrien blei broten. Frå då av stod nesten alle innbyggjarane i landet i fare for å bli tekne som slavar.[12][15] Mange kongolesarar var dyktige til å laga våpen, og dei blei gjort til slavar for at evnene deira skulle vera tilgjengelege for kolonistar iden nye verda, der dei arbeidde som smedar, med tilverking av jern og med å framstilla kol.[13]
Portugisarane grunnla fleire andre busetnader, festningar og handelsstader langs kysten av Angola, hovudsakleg for handel med angolanske slavar som skulle sendast til plantasjar. Lokale slavehandlarar bidrog med eit stort antal slavar tildet portugisiske imperiet,[16] vanlegvis i bytte mot tilverka varer frå Europa.[17][18] Denne delen avslavehandelen over Atlanterhavet heldt fram til etter at Brasil fekk sjølvstende på 1820-talet.[19]
Dronning Ana de Sousa av Ndongo i møte med portugisarar, 1657.Bilde avLuanda frå 1755.
Trass i Portugal sine territoriale krav i Angola, var portugisisk kontroll over mykje av landet minimal. På 1500-talet fekk Portugal kontroll over kysten gjennom ei rekkje avtaler og krigar. Livet for dei europeiske kolonistane var vanskeleg og framgangen deira var sakte. Historikaren John Iliffe skreiv at «portugisiske nedteikningar frå Angola på 1500-talet viser at storhungersnaud oppstod i gjennomsnitt kvart syttiande år; som saman med epidemiar kunne drepa ein tredel eller ein halvdel av folkesetnaden, øydelegga folkevekst i ein generasjon og tvinga kolonistane tilbake til elvedalane.»[20]
UnderDen portugisiske restaurasjonskrigen okkuperteDet nederlandske vestindiakompaniet den viktigaste busetnaden Luanda i 1641, og nytta alliansar med lokale folkeslag for å utøve angrep mot portugisiske eigedommar andre stader.[19] Ein flåte under leiinga tilSalvador de Sá tok Luanda tilbake i 1648; resten av territoriet var blitt tatt tilbake i 1650. Det blei underskrive nye avtaler med Kongo i 1649; og andre med kongerika Matamba og Ndongo underNjinga i 1656. Erobringa av Pungo Andongo i 1671 var den siste store portugisiske ekspansjonen frå Luanda, ettersom forsøk på å invadera Kongo i 1670 og Matamba i 1681 mislukkast. Det etablerte også koloniutpostar innover i landet frå Benguela, men fram til slutten av 1800-talet var utfart frå Luanda og Benguela svært avgrensa. Portugal var hindra av ei rekkje politiske omveltingar i byrjinga av 1800-talet, og var seint ute med å utføra ei større annektering av angolansk territorium.[19]
Historia til Angola; skriven i Luanda i 1680.
Slavehandelen blei avskaffa i Angola i 1836, og i 1854 frigjorde kolonistyresmaktene alle dei eksisterande slavane.[19] Fire år seinare avskaffa ein meir progressiv administrasjon innført av Portugalslaveriet fullstendig. Men desse dekreta blei stort sett ikkje gjennomførbare, og portugisarar var avhengige av hjelp frå den britiske marinen og det som blei kjent somAfrika-blokaden for å gjennomføra forbodet mot slavehandel.[19] Dette fall saman med ei rekkje fornya militære ekspedisjonar inn i landet.
Midt på 1800-talet hadde Portugal etablert styret sitt så langt nord somKongoelva, og så langt sør somMoçâmedes.[19] Fram til seint i 1880-åra fanst det forslag i Portugal om å knyta Angola til kolonien sin iMosambik, men dette blei blokkert av britisk og belgisk motstand.[21] I denne perioden møtte portugisarane ulike former for væpna motstand frå ulike folkegrupper i Angola.[22]
Berlinkonferansen i 1884-1885 fastsette grensene til kolonien, og avgreidde grensene til portugisiske kravområde i Angola.[21] Handelen mellom Portugal og Afrika auka raskt som eit resultat avvernetoll. Dette førte til auka utvikling og ei bølgje av nye portugisiske innvandrarar.[21]
I 1925 leidde den amerikanske naturforskarenArthur Stannard Vernay ein ekspedisjon til Angola.
Mellom 1939 og 1943 dreiv den portugisiske hæren operasjonar mot mucubalane, som dei skulda for opprør og storfetjuveri, og hundrevis av mucubalarar blei drepne. Under kampanjen blei 3 529 folk tekne til fange, 20% av dei kvinner og born, og fengsla i konsentrasjonsleirar. Mange døydde i fangenskap på grunn av underernæring, vald og tvangsarbeid. Om lag 600 blei sende tilSao Tome og Principe. Hundre blei òg sende til ein leir i Damba, der 26% døydde.[23]
Under det koloniale lovverket hadde svarte angolanarar forbod mot å skipa politiske parti eller fagforeiningar.[24] Dei fyrste nasjonalistiske rørslene fekk ikkje røter før etterandre verdskrigen, og blei i stor grad leia av ein vestleggjort og portugisisktalande byklasse som inkluderte mangemestiçoar.[25] På byrjinga av 1960-talet blei andre foreiningar med røter i arbeidaraktivisme i landbruket del av rørsla.[24] Portugal nekta å ta imøtekoma krava om sjølvråderett i Angola, og dette førte til ein væpna konflikt som braut ut i 1961 medBaixa de Cassanje-opprøret og gradvis utvikla seg til ein langvarig sjølvstendekrig som varte ved i dei neste tolv åra.[26] Gjennom konflikten kom tre militante nasjonalistrørsler med kvar sine geriljagrupper ut av kampane mellom den portugisiske regjeringa og lokale styrkar, med varierande gradar av støtte frådet portugisiske kommunistpartiet.[25][27]
Den nasjonale frigjeringsfronten,Frente Nacional de Libertação de Angola (FNLA) rekruttertebakongo-flyktnningar iZaire.[28] Ved hjelp av dei særleg gunstige politiske tilhøva iLéopoldville, og særleg frå ei felles grense med Zaire, kunne angolanske politiske leiarar i eksil byggja opp ein maktbase blant store eksilsamfunn frå tilknytte familiar, klanar og tradisjonsgrupper.[29] Folk på begge sider av grensa snakka gjensidig forståelege dialektar og hadde felles band til det historiske Kongkonget.[29] Sjølv om angolanarar som utlendingar ikkje kunne dra nytte av det statlege sysselsettingsprogrammet tilMobutu Sese Seko, fann nokre arbeid som mellommenn for dei fråverande eigarane av ulike lukrative private føretak. Migrantane danna til slutt FNLA med føremål om å prøva å få politisk makt etter at dei vende tilbake til Angola.[29]
Medlemmar av FNLA i Angola som trener i 1973.
Eit geriljainitiativ mot portugisarane av hovudsaklegovimbundufolk byrja i sentrale Angola frå 1966 og var leia avJonas Savimbi ogUnião Nacional para a Independência Total de Angola (UNITA).[28] Rørsla blei hindra av den geografiske avstanden frå vennlege grenser, den etniske fragmenteringa blant ovimbundufolk og isolering av bønder på europeiske plantasjar der dei hadde få høve til å mobilisera seg.[29]
På slutten av 1950-talet fekk veksten tilMovimento Popular de Libertação de Angola (MPLA) i aust og Dembos-åsane nord for Luanda særleg tyding. Organisasjonen blei danna som ei koalisjonsrørsle for motstand av det angolanske kommunistpartiet.[26] Leiarskapet i organisasjonen var overvegandeambundufolk og pleia band med arbeidarar i offentleg sektor i Luanda.[28] Sjølv om både MPLA og rivalane fekk materiell hjelp fråSovjetunionen ellerKina, hadde organisasjonen eit sterkt antiimperialistisk syn og var ope kritisk motUSA og støtta landet gav Portugal.[27] Dette gjorde det mogleg å vinna fram på den diplomatiske fronten, og be om støtte fråalliansefrie nasjonar somMarokko,Ghana,Guinea,Mali ogDen sameinte arabiske republikken.[26]
MPLA prøvde å flytta hovudkvarteret sitt fråConakry til Léopoldville i oktober 1961, og fornya anstrengingane sine for å skapa ein felles front med FNLA, då kjent somUnião dos Povos de Angola (UPA) og leiarenHolden Roberto. Roberto avviste tilbodet.[26] Då MPLA fyrst prøvde å føra sine eigne opprørarar inn i Angola, blei dei overfalne og utsletta av UPA-partisanar på ordre frå Roberto. Dette skapte ein mal for den bitre innbyrdesstriden som seinare ville bryta ut iden angolanske borgarkrigen.[26]
Gjennom heilesjølvstendekrigen blei dei tre rivaliserande nasjonalistrørslene alvorleg hindra av politisk og militær fraksjonalisme, og den manglande evna si til å sameina geriljaverksemda mot portugisarane.[30] Mellom 1961 og 1975 konkurrerte MPLA, UNITA og FNLA om innverknad i den angolanske folkesetnaden og det internasjonale samfunnet.[30]Sovjetunionen ogCuba blei særleg sympatisk stilde mot MPLA, og gav partiet våpen, ammunisjon, pengar og opplæring.[30] Dei støtta òg militante i UNITA heilt til det var klart at dei var i uforlikeleg opposisjon til MPLA.[31]
Samanbrotet til den portugisiskeEstado Novo-regjeringa etterNellikrevolusjonen i 1974 avbraut all portugisisk militær aktivitet i Afrika, og førte fram til våpenkvile og forhandlingar om angolansk sjølvstende.[30]Organisasjonen for afrikansk eining oppmuntra Holden Roberto, Jonas Savimbi og MPLA-leiarenAgostinho Neto til å koma saman iMombasa tidleg i januar 1975, og dei forhandla fram ein avtale om å skipa ei koalisjonsregjering.[32] Dette blei ratifisert i Alvor-avtalen seinare same månaden, som kalla på ei folkerøystene og fastsetja sjølvstendedatoen til landet til 11. november 1975.[32] Alle tre gruppene følgde likevel opp våpenkvila ved å utnytta den gradvise portugisiske tilbaketrekkinga til å ta over ulike strategiske posisjonar, skaffa fleire våpen og utvide dei militære styrkane sine.[32] Den raske tilføringa av våpen frå mange eksterne kjelder, særleg Sovjetunionen og USA, og eskalering av spenningane mellom nasjonalistpartia, dreiv fram eit nytt utbrot av fiendskap.[32] Med stilltiande amerikansk og zairisk støtte byrja FNLA å samla store tal av troppar i nordlege Angola i eit forsøk på å bli militært overlegne.[30] I mellomtida byrja MPLA å sikra kontroll over Luanda, der ambunduane historisk stod sterkt.[30] Det braut ut sporadisk vald ut i Luanda i løpet av dei neste månadene etter at FNLA angreip det politiske hovudkvarteret til MPLA i mars 1975.[32][33] Konflikten intensifiserte seg med gatekampar i april og mai, og UNITA blei involvert etter at over to hundre medlemmar av partiet blei massakrerte av ein MPLA-styrke i juni.[32] Ein oppgang i sovjetiske våpenleveransar til MPLA påverka ei avgjersle frå Central Intelligence Agency (CIA) om å òg gje betydeleg hemmeleg hjelp til FNLA og UNITA.[34]
I august 1975 bad MPLA om direkte hjelp frå Sovjetunionen i form av bakkestyrkar.[34] Sovjetarane avslo spurnaden, og tilbaud å senda rådgjevarar, men ingen tropper. Cuba var meir imøtekomande, og seint i september sendte landet nesten fem hundre kamppersonell til Angola, i lag med sofistikerte våpen og forsyningar.[31] Ved sjølvstendet var det over tusen cubanske soldatar i landet.[34] Dei blei haldne forsynte av ei massiv flybru danna av sovjetiske fly.[34] Den vedvarande oppbygginga av cubansk og sovjetisk militær hjelpte MPLA til å driva motstandarane sine ut frå Luanda og stoppa innblanding frå zairiske og sørafrikanske styrkar, som var blitt sende ut i eit forsinka forsøk på å hjelpa FNLA og UNITA.[32] FNLA blei stort sett utradert etter det avgjerande slaget vedQuifangondo, men UNITA klarte å trekka ut sivile leiarar og militsfolk frå Luanda og søka tilflukt i sørlege provinsar.[30] Derfrå heldt Savimbi fram med å driva eit innbite opprør mot MPLA.[34]
Sovjetiskprodusert cubansk PT-76-stridsvogn i Luanda under den cubanske intervensjonen i Angola i 1976.
Mellom 1975 og 1991 innførte MPLA eit økonomisk og politisk system basert på prinsippa for vitskapleg sosialisme, som inkorporerteplanøkonomi og ein marxistisk-leninistiskeittpartistat.[35] Det byrja eit ambisiøst nasjonaliseringsprogram, og den innanlandske private sektoren blei i stor grad avskaffa.[35] Privateigde føretak blei nasjonaliserte og innlemma i ein paraplyorganisasjon av statlege bedrifter kjendUnidades Economicas Estatais (UEE).[35] Under MPLA gjekk Angola gjennom ein signifikant grad av moderneindustrialisering.[35] Samstundes auka korrupsjonen i landet, og offentlege ressursar blei antan delte ut ueffektivt eller berre misbrukte av embetsmenn for personleg rikdom.[36] Regjeringspartiet overlevde eit forsøk på statskupp av denmaoistiskeOrganização Comunista de Angola (OCA) i 1977, som blei undertrykt etter ei rekkje blodige politiske utreinskingar der tusenvis av OCA-tilhengarar omkom.[37]
MPLA gav opp den marxistiske ideologien sin på den tredje partikongressen i 1990, og erklærtesosialdemokrati for å vera den nye plattforma sin.[37] Angola blei så medlem avDet internasjonale pengefondet, og avgrensingar av marknadsøkonomien blei reduserte i eit forsøk på å tiltrekka seg utanlandske investeringar.[38] I mai 1991 kom det til fredsavtale med UNITA gjennom Bicesse-avtalen, som la planar om eit nytt val i september 1992.[38] Då MPLA fekk ein stor valsiger, protesterte UNITA mot resultata av både president- og parlamentsvalet og gjekk tilbake til krigføring.[38] Etter valet fann halloween-massakren stad frå 30. oktober til 1. november, der MPLA-styrkar drap tusenvis av UNITA-tilhengjarar.[39]
Luanda har hatt utbreidd byfornying på 2000-tale, i stor grad støtta av profitt frå olje- og diamantindustrien.
22. februar 2002 drap regjeringstyrkar Jonas Savimbi i ei trefning i Moxico-provinsen.[40] UNITA og MPLA blei samde om Luena-memorandumet i april; UNITA gjekk med på å gje opp den væpna fløya si.[41] Med val i 2008 og 2012 oppstod det eit system med MPLA som statsberande parti med UNITA og FNLA som opposisjonsparti.[42]
Angola har ein alvorleg humanitær krise som resultat av den langvarige krigen, ei mengd utlagdelandminer og den vedvarande politiske agitasjonen for sjølvstende for eksklavenCabinda. Dei fleste av dei interne flyktningane har slått seg ned i uformelle busetnader rundt hovudstaden. Situasjonen for angolanarar imusseques (slumområde) er framleis desperat.[43][44]
Eintørke i 2016 førte til den verste matkrisa isørlege Afrika på 25 år. Ho ramma 1,4 millionar menneske i sju av dei 18 provinsane i Angola. Matprisane gjekk opp og akuttunderernæring blei dobla, noko som hadde ein effekt på over 95 000 born.[45]
José Eduardo dos Santos gjekk av sompresident i Angola etter 38 år ved makta i 2017, og blei etterfølgd avJoão Lourenço, som han sjølv hadde handplukka.[46] Nokre medlemmar av familien dos Santos blei seinare knytte til stor korrupsjon. DotteraIsabel dos Santos blei avsett som leiar for det statlege ojeselskapetSonangol.[47] og seinare etterforska for korrupson. I august 2020 blei sonenJosé Filomeno dos Santos dømd til fengsel i fem år for svindel og korrupsjon.[48] I juli 2022 døydde tidlegare president dos Santos i Spania.[49]
I august 2022 vann MPLA igjen fleirtal ved valet, og Lourenço blei vald til president att for ein andre femårsperiode. Fleirtalet var likevel det lågaste partiet hadde hatt i historia.[50]
Angola gjennomførte ei folketeljing i 2014 for fyrste gong sidan 1970. Ho fann eit folketal på24 383 301,[52] 12499041 menn og 13289983 kvinner.[53]
Ved den føre folketeljinga fann ein eit folketal på 5646166, der 2943974 var menn og 2702192 kvinner.[54]
Dei viktigaste folkegruppene i landet erovimbunduar (37%),kimbunduar (25%) ogbakongoar (13%).[51] Det finst eit drygt hundretals bantutalande folk i landet, med innslag av sanfolk i sør. Angola er ganske tynt folkesett bortsett frå rundt kystbyane og på det sentrale høgplatået. Denurbane folkesetnaden var på 62 prosent i 2014.[54]
Landet er prega av mange tiår medborgarkrig og har ei fattig og lågt utdanna befolkning. Gjennomsnittleg alder er 18,2 år (2002) og gjennomsnittleg levealder 37,0 år (2003). Over halvparten av den vaksne befolkninga kan ikkje lesa eller skriva.
Rundt halvparten av angolanarane praktiserer innfødde religionar, med innslag avanimisme og/eller forfedredyrking. Det finst også einmuslimsk minoritet med færre enn 100000 tilhengjarar, hovudsakleg med opphav i innvandrarar frå Vest-Afrika ogLibanon.[56]
Kulturen i Angola har røter hos bantufolka som levde i det gamle Kongoriket. Portugisarar, som kom til kysten av landet for 400 år sidan, byrja ikkje setja kulturelle spor før på sistedelen av 1800-talet, innan felt som arkitektur, litteratur og musikk (fado).[59]
Angola har ein levande musikkultur der kvar region i landet har sin eigen lokale dans. Den angolanske dansensemba spreidde seg i samband med slavehandelen til Brasil. Frå semba har det utvikla seg andre dansar, som kizomba og kuduro. Kuduro kjem frå språket kimbundu, men har dobbel tyding ved at det tyder "hard rumpe" på portugisisk. Dansen kan liknast med ei blanding av techno, funk, batucada og afro. Kizomba er ein pardans som har liknande dansesteg som latinskbachata. Kizomba er blitt meir og meir populær, og blir i dag òg dansa i Portugal.
Nord-Angola er eit av dei mest kunstrike områda i Afrika, særleg når det gjeld det gamle Kongoriket. Skulpturkunsta deira er naturalistisk og omfattar fetisjar, mor og barn- og forfaderfigurar. Forfader-statuane til chokwefolket er mektige. Tradisjonelle masker er blitt laga i tre eller tøy for å nyttast av dansarar.[61]
Ein viktig angolansk samtidskunstnar erAntonio Ole.[62] Olé er frå Luanda, og er ein internasjonalt kjend biletkunstnar som mellom anna er representert påModerna museet i Stockholm. Han arbeider med film og fotografi og har delteke i biennalar i Havanna, Johannesburg og Venezia.[63]
I Luanda opna tekstilkunstnarenMarcela Costa eit galleri, Celamar, som ho har utvikla til eit mangfaldig kulturelt senter som speglar den rike floraen av kunsttalent i Angola. Ho har mellom anna investert mykje i kvinnelege kunstnarar.[64]
Utviklinga av angolansk litteratur byrja skyta fart omtrent samstundes med veksten til nasjonalismen og lengta etter frigjering frå kolonimakta. Den litterære rørsla stod nær MPLA, som blei grunnlagd av intellektuelle angolanarar og portugisarar, sistnemnde i opposisjon mot diktaturet og dei umenneskelege vilkåra i Angola.[65] Det angolanske forfattarforbundet, UEA, blei skipa ein månad etter sjølvstandet, den 10. desember 1975. Den fyrste presidenten for forbundet var diktaren Agostinho Neto, som også var den fyrste presidenten i Angola. UEA har bibliotek, forlag, førelesingsal og internettkafé i Luanda.[66]
Angolansk matkultur er påverka av fleire utanlandske matkulturar, særleg den portugisiske, som følgde med alle innvandrarane i kolonitida. Basiskosten består av bønner, ris og mjøl kombinert med kjøt og fisk med mange ulike sausar.[67]
Angola har ein lang kyst med mange elver, og fersk fisk og skaldyr er derfor ein vanleg del av kvardagsmaten.
I 2014 blei den nasjonale kulturfestivalen[a] gjenoppteken etter eit avbrot på 25 år på grunn av krigen. Festivalen blei halden i 20 dagar i alle provinshovudstader.[68]
Karnevalen i Luanda har gamle aner, og blei skildra av portugisarar allereie i 1857. På denne folkefesten kledde ein seg ut som personar frå det gamle Kongoriket. Der var kongar, dronningar, krigarar, portugisarar og mange andre.[69]
I byrjinga var karnevalet ein spontan fest, organisert av foreiningar som valde ruter og framførte sine eigne rytmar. Frå 1990-talet byrja karneval å spreia seg til andre byar og fekk støtte av respektive kommunar.[70] Karnevalet påMarginal do Luanda er blitt kjent, og kan minna omkarnevalet i Rio de Janeiro.
Angola var vert for det afrikanske fotballmeisterskapet i 2010. Angola kom på femte plass av 15 tevlande lag. Landslaget deltok for fyrste gong iVM i fotball i Tyskland i 2006. Det blei slått ut av Portugal, som kom på fjerde plass i turneringa.
↑«Life expectancy at birth».World Fact Book. United States Central Intelligence Agency. 2014. Arkivert fråoriginalen 20. januar 2016. Henta 4. mars 2010.
123Rinquist, John: Kongo Iron:Symbolic Power, Superior Technology and Slave Wisdom, African Diaspora Archaeology Newsletter, Volume 11, Issue 3, September 2008, Article 3, pp.14–15
↑Thornton, John K:Warfare in Atlantic Africa 1500–1800, 1999.
↑Thornton, John K:The Kongolese Saint Anthonty: Dona Beatriz Kimpa Vita and the Antonian Movement, 1684–1706, page 69.
↑Fleisch, Axel (2004). «Angola: Slave Trade, Abolition of». I Shillington, Kevin.Encyclopedia of African History1. Routledge. s.131–133.ISBN1-57958-245-1.
↑Angola President Jose Eduardo Dos Santos Handbook. Int'l Business Publications USA. 2006. s.153.ISBN0739716069.
↑«The History of Brazil–Africa Relations».Bridging the Atlantic(PDF). s.27. Arkivert fråoriginalen(PDF) 30. mai 2016. Henta 14. mai 2016.
123456Collelo, Thomas, red. (1991).Angola, a Country Study. Area Handbook Series (3. utg.). Washington, D.C.: Department of the Army,American University. s.14–26.ISBN978-0160308444.
123Corrado, Jacopo (2008).The Creole Elite and the Rise of Angolan Protonationalism: 1870–1920. Amherst, New York: Cambria Press. s.11–13.ISBN978-1604975291.
↑See René Pélissier,Les guerres grises: Résistance et revoltes en Angola, (1845-1941), Éditions Pélissier, Montamets, 78630 Orgeval (France), 1977
12Okoth, Assa (2006).A History of Africa: African nationalism and the de-colonisation process. Nairobi: East African Educational Publishers. s.143–147.ISBN9966-25-358-0.
1234Chabal, Patrick (2002).A History of Postcolonial Lusophone Africa. Bloomington: Indiana University Press. s.142.ISBN978-0253215659.
1234567Rothschild, Donald (1997).Managing Ethnic Conflict in Africa: Pressures and Incentives for Cooperation. Washington: The Brookings Institution. s.115–120.ISBN978-0815775935.
12Domínguez, Jorge (1989).To Make a World Safe for Revolution: Cuba's Foreign Policy. Cambridge: Harvard University Press. s.131–133.ISBN978-0674893252.
1234567Weigert, Stephen (2011).Angola: A Modern Military History. Basingstoke: Palgrave-Macmillan. s.56–65.ISBN978-0230117778.
↑Spikes, Daniel (1993).Angola and the Politics of Intervention: From Local Bush War to Chronic Crisis in Southern Africa. Jefferson: McFarland & Company. s.143–144.ISBN978-0899508887.
1234Ferreira, Manuel (2002). Brauer, Jurgen; Dunne, J. Paul, red.Arming the South: The Economics of Military Expenditure, Arms Production and Arms Trade in Developing Countries. Basingstoke: Palgrave-Macmillan. s.251–255.ISBN978-0-230-50125-6.
↑Akongdit, Addis Ababa Othow (2013).Impact of Political Stability on Economic Development: Case of South Sudan. Bloomington: AuthorHouse Ltd, Publishers. s.74–75.ISBN978-1491876442.
12Tucker, Spencer (2013).Encyclopedia of Insurgency and Counterinsurgency: A New Era of Modern Warfare. Santa Barbara: ABC-CLIO Ltd, Publishers. s.374–375.ISBN978-1610692793.
123Tordoff, William (1997).Government and Politics in Africa (Third utg.). Basingstoke: Palgrave-Macmillan. s.97–98.ISBN978-0333694749.
↑W. James, Martin (2004).Historical Dictionary of Angola. Rowman & Littlefield. s.161–162.ISBN978-1538111239.
↑ Engström Christer, Marklund Kari:Nationalencyklopedin: ett uppslagsverk på vetenskaplig grund utarbetat på initiativ av Statens kulturråd,Bra böcker,Höganäs1989-1996(swe).ISBN 91-7024-619-X.Libris8211184.
↑Nadine Siegert (2010)António Ole, Journal of Contemporary African Art, nr.26, sid:39-47, DOI 10.1215/10757163-2009-004
Oyebade, Adebayo O. (2007).Culture and customs of Angola. Culture and customs of Africa, 1530-8367 (på engelsk). Westport, Conn.: Greenwood Press.ISBN0-313-33147-2.
Hodges, Tony.:Angola: anatomy of an oil state,Indiana Univ. Press,Bloomington2004, African issues, 99-2469405-8(eng).ISBN 0-253-21678-8.Libris12236919.
Denne artikkelen bygger på «Angola» fråWikipedia på svensk, den 17. november 2005 og 19. august 2025.