Angkor Vat (khmer 'tempelet i Angkor') er det mest kjendetempelet iruinbyenAngkor i det nordlegeKambodsja, og det einaste tempelet på staden som har vore ein viktig religiøs samlingsstad sidan det blei bygd. Angkor Vat er eit typisk døme på klassiskkhmer-arkitektur, som blir kallaAngkor Vat-stilen. Saman med resten av Angkor blei det sett påUNESCO-lista oververdas kulturarv i 1992.
Tempelkomplekset blei bygd av kongSuryavarman 2. (1113–1150) som einhinduisk heilagdom for gudenVisjnu. På 1300- eller 1400-talet blei tempelet gjort om til eintheravada-buddhistisk heilagdom, noko det meir eller mindre fortsette å vere heilt fram til i dag, sjølv om resten av Angkor blei fråflytta på 1500-talet.
Tempeleområdet er omkransa av eivollgrav og einyttermur. Hovudbygningen inneheld galleri med steinrelieff rundt dei indre gardane, der det er basseng (utan vatn), og den sentrale bygningen, der dei fem tårna står. Hovudinngangen er frå vest, og dit kjem ein via ei lang bru over vollgrava til hovudporten i yttermuren.
Tempelet skulle vere ei framstilling avdet hinduiske universet. Det midtre tårnet var det heilage fjelletMeru, yttermurane var berga som omkranser verda, og vollgravahavet utanfor desse igjen.