Aneurin Bevan | |
![]() | |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Wales |
Fødd | 15. november1897 Tredegar,Wales |
Død | 6. juli1960 (62 år) |
Yrke | politikar,fagforeiningsleiar |
Språk | engelsk |
Politisk parti | Det britiske arbeidarpartiet |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Jennie Lee |
Aneurin Bevan på Commons |
Aneurin Bevan (15. november 1897–6. juli 1960), også kjend somNye Bevan, var ein britisk politikar. Som grunnleggar av det offentlegehelsevesenetNational Health Service (NHS) er han rekna som ein av dei største heltane på den britiskevenstresida.
Bevan var valisar, fødd i Tredegar iMonmouthshire iWales. Faren vargruvearbeidar, medlem iIndependent Labour Party, og begge foreldra var ikkje-konformistiske kristne.
Aneurin Bevan blei også gruvearbeidar, og lokalfagforeiningsleiar i ung alder. Han fekk stipend frå fagrørsla og tok utdanning vedCentral Labour College iLondon, der han blant anna fekk ein livslang respekt forKarl Marx. Etter han kom heim att i1921 blei han nekta jobb og var arbeidslaus i periodar. Far hans døydde av lungesjukdom typisk for gruvearbeidarane i1925.
Frå1926 arbeidde Bevan som betalt fagforeiningsfunksjonær, og noko av det første han fekk å gjere var å leie dei lokale gruvearbeidarane i det som bleigeneralstreiken dette året. I1929 blei han vald inn iparlamentet forLabour Party frå kretsenEbbw Vale. I parlamentet blei han raskt kjend som ein skarp kritikar av dei han meinte motarbeiddearbeidarklassen, bådeborgarlege somChurchill ogLloyd George, og til dømesRamsay McDonald frå Labour.
Bevan var ein tidleg motstandar avfascismen, og agiterte for britisk støtte til venstresida iSpania underden spanske borgarkrigen. I1936 gjekk han inn i leiinga i den nyeradikalesosialistavisaTribune, og han gjekk inn for ein samla sosialistisk front på heile venstresida, inkludert dei britiskekommunistane. Dette førte faktisk til at han blei mellombels ekskludert av Labour Party eit halvt års tid i1939.
Bevan var sterkt imot utanrikspolitikken tilNeville Chamberlain, og gjekk inn for at Winston Churchill skulle ta over makta i detkonservative regjeringspartiet. Under krigen gjekk han inn for nasjonalisering av kolindustrien og opning av ein andre front i Vest-Europa for å avlasteSovjetunionen i krigen motTyskland. Dette skjedde som kjent ikkje før sommaren1944. Bevan meinte elles at krigen ville vise at sosiale endringar var nødvendige, noko han visstnok siterte Marx på i eininga.
Da Labour Party vann valet i1945 og skipa regjering, blei han helseminister i regjeringa tilClement Attlee. I dette parlamentet hadde Labour stort nok fleirtal til å få gjennomført planane om einvelferdsstat, trass i konstante åtak på Bevan frå dei konservative. I1946 blei lova om «nasjonal forsikring» vedtatt, det blei innført trygdeordningar for bl.a. arbeidsløyse og sjukdom, og betre alderpensjonar. I1948 blei så NHS vedtatt. Etter denne fekk britiske borgarar ei garantert gratis medisinsk grunnbehandling. Lova om NHS blir først og fremst kreditert Bevan, etter hans årelange kamp mot den farmasøytisk-medisinske lobbyen som sette seg tvert imot ei slik lov.
UnderKoreakrigen gjekk Bevan ut av regjeringa. På1950-talet leidde han venstrefløya i Labour Party, som blei kjend som «bevanittane».