Andefamilien (Anatidae) høyrer tilordenenandefuglar (Anseriformes) som igjen går inn som del av klassenfuglar,Aves.Familien femnar omender,gjæser ogsvaner. Fellestrekk for andefamilien er symjehud og nebb som er flata ut i ei viss grad. Familien har eikosmopolitisk utbreiing, finst på kontinenta i verda bortsett fråAntarktis og på dei fleste av øygruppene i verda. Dette erfuglar som er tilpassa gjennom evolusjonen for symjing på vassoverflata, og i nokre tilfelle dukking, i det minste på grunt vatn. Familien inneheld rundt 160 artar i 50slekter.[1] Dei er generelt planteetarar, og ermonogamehekkefuglar. Ei rekkje artar ertrekkfuglar. Nokre få artar er gjort til fjørfe i husdyrhald, både gjæser og ender er endra gjennom avl – tamgjæser. Dun frå ender og gjæser og spesieltærfugl har vore høgt skatta gjennom lang tid. Mange andre er jakta på for mat og rekreasjon. Fem artar er utdøydde etter år 1600, og mange fleire er trua av utrydding.
Ender, gjæser og svaner er små til store fuglar som har ein generell brei og langstrakt kropp.[2] Dukkartar varierer frå dette i å vere rundare. Ein finn variasjon i storleik fråbeltedvergand, så lita som 26,5 cm og 164 gram, tiltrompetersvane, på så mykje som 183 cm og 17,2 kg.Vengene er korte og spisse, og støtta av sterke vengmusklar som genererer raske rytmar i flukt. Dei har vanlegvis lang hals, men dette varierer mellom artane. Beina er korte og sterke, og sit langt på baksida av kroppen, mest på dei meir akvatiske artane. Kombinert med kroppsforma kan akvatiske gjere nokre artar klossete på land, men dei er betre til fots enn andrevassfuglar somdukkarar ogsjøfuglar sompetrellar. Dei har symjeføter. Nebba av dei fleste artane er utflata i større eller mindre grad. Desse inneheld rifla lamellar som er særleg effektive hos artar som filtrerer føde frå vatn.[2]
Fjørene er gode til å støyte bort vatn på grunn av spesielle feittstoff. Mange av endene viserkjønnsdimorfisme, med hannane som meir fargerike enn hoene, jamvel om fenomenet er snudd om hos artar sommaorirustand. Svaner, gjæser ogplystreender manglar kjønnsdimorfisme ifjørdrakt. Ender, gjæser og svaner er vokale fuglar, produserer ei rekkje variantar av kvak- og snadrelydar, tutelydar, trumpetlydar og anna avhengig av art, ofte har hoer ei djupare stemme enn hannfuglane.[3]
Ender, gjæser og svaner er generelt planteetarar som vaksne, beitar på ulike vassplantar, sjølv om nokre artar òg etfisk,blautdyr, eller akvatiskeleddyr. Ei gruppe,Mergus-artane, er primært fiskeetande, og har ein tagga nebb til å ta fisk. Hos ei rekkje artar, vil ungfuglane inkludere ein høg del avvirvellause dyr i kosthaldet, men blir reine planteetarar som vaksne.[3]
Artane i andefamilien er generelt sesongmessige og monogame hekkarar. Nivået på monogami varierer innan familien, mange av dei mindre endene berre oppretthalde bindinga for ein sesong, og finn ein ny partnar året etter, medan dei større svaner, gjæser og nokre av dei meir territoriale endene opprettheld parsamband over ei rekkje år. Anatidae er særmerkt for å vere ein av få fuglefamiliar der hannfuglar harpenis,[4] dei fleste artane er tilpassa for paring på vatn. Dei konstruerer enklereir frå materialar i nærleiken, ofte fôrar dei reiret med eit lag avdun plukka frå brystet til hoa. Hos dei fleste artane rugar berre hoaegga. Ungane er godt utvikla ved klekking, og er straks i stand til å finne føda sjølv.[3] Ein avvikande art ergaukand, ein komplettreirparasitt som legg egga sine i reir avmåsar ogsothøner. Ei rekkje andre ender kan av og til legge egg i reira åt andre fuglar av same arten i tillegg til å produsere sine eigne ungekull.
Edderdun, gåsefjør fjør frå andre ender har lengje vore populært isolasjonsfyll for sengeteppe, puter, soveposar og jakker. Medlemmene i denne familien har òg lengje vore brukt til mat.
Menneske har hatt eit langt tilhøve med ender, gjæser og svaner, dei er viktige økonomisk og kulturelt til menneske, og fleire andeartar har drege nytte av ei tilknyting til menneske. På den anna side er nokre Anatidae øydeleggjande skadedyr i jordbruket, og har fungert som vertar forzoonosar somfugleinfluensa.
Slektene i Anatidae i rekkjefølgje etterEBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler:[5]
- SlektDendrocygna, 8 artar av plystreender
- SlektThalassornis,kvitryggand
- SlektAnser, 11 artar av «grå og kvite gjæser»
- SlektBranta, 6 artar «svarte gjæser»
- SlektCereopsis,hønsegås
- SlektStictonetta,frekneand
- SlektCyanochen,blåvenggås
- SlektCygnus, dei 6 «verklege» svanene
- SlektCoscoroba,coscorobasvane
- SlektSarkidiornis,kamand
- SlektPteronetta,mahogniand
- SlektOressochen,amazongås ogandesgås
- SlektChloephaga, 5 gjæser iSør-Amerika
- SlektAlopochen,niland
- SlektTadorna, 6 artar rustender og gravender
- SlektPlectropterus,sporegås
- SlektTachyeres, 4 skovleender
- SlektLophonetta,duskand
- SlektSpeculanas,bronsevengand
- SlektCairina,knoppand
- SlektNettapus, 3 dvergender
- SlektCallonetta,prydand
- SlektAix,brudeand ogmandarinand
- SlektChenonetta,mankeand
- SlektAmazonetta,brasiland
- SlektHymenolaimus,kaskadeand
- SlektMerganetta,straumand
- SlektSalvadorina,tigerand
- SlektSibirionetta,gulkinnand
- SlektSpatula, 10 grasender
- SlektMareca, 5 grasender
- SlektAnas, 29 artargrasender
- SlektMalacorhynchus,leppeand
- SlektMarmaronetta,marmorand
- SlektAsarcornis,jungeland
- SlektNetta, 3 typiskedukkender
- SlektAythya, 12 dukkender
- SlektPolysticta,stellerand
- SlektSomateria, 3 artar ærfuglar, marine
- SlektHistrionicus,harlekinand
- SlektMelanitta, 4 marine ender
- SlektClangula,havelle
- SlektBucephala, 3 artar som et fisk og krepsdyr
- SlektMergellus,lappfiskand
- SlektLophodytes,hjelmfiskand
- SlektMergus, 4 artarfiskender
- SlektHeteronetta,gaukand
- SlektNomonyx,maskeand
- SlektOxyura, 5 artar «stivhalar»
- SlektBiziura,pungand
- ↑1,01,1Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017),eBird/Clements Checklist v2017(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017
- ↑2,02,1Carboneras, C. (1992).
- ↑3,03,13,2Todd, F. (1991)
- ↑McCracken, K. (2000)
- ↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008.Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008.Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)