And (fleirtalender) er ei fellesnemning for ei rekkjefugleartar iandefamilien. Dei representerer ikkje eimonofyletisk gruppe, men er delar av eittakson sidansvaner oggjæser ikkje er ender. Ender flest harhabitat knytt tilvatn, entenferskvatn ellersjøvatn, og dei er mindre enn svaner og gjæser. Gruppa inneheld om lag 128 artar i 39slekter.[1] Skilet mellom and og gås er uklårt, eit kriterium kan vere at ender har ein symjelapp på baktåa som gjæser manglar.[2] Ender finst over det meste av verda unntatt iAntarktis.
I daglegtale kanand nyttast som ei generell nemning for tamstokkand.[2] Andrevassfuglar somlommar,dukkarar ogrikser blir somme tider forveksla med ender, men ingen av desse gruppene er i slekt med ender. Andrik ogandstegg er termar for vaksne hannfuglar av ender.[3]
Andrikar av mange nordlege artar har to fjørdrakter som dei vekslar mellom kvart år:
Eklipsdrakta er drakta som andriken får undermyting av vengfjørene etter paringstida om sommaren. I denne perioden manglar dei flygeevne heilt eller delvis og eklipsdrakta verkar kamuflerande. Hosærfugl, til dømes, er eklipsdrakta svært mørk, nesten svart.
Praktdrakta er andriken sin drakt når han ikkje har eklipsdrakta og kjem etter andre myting. Nesten alle ender myter to gonger i året.
Dei sørlege artane har vanlegvis mykje mindrekjønnsdimorfisme, men med eit unntakmaorirustand påNew Zealand kor kjønna har ulike drakter og hofuglen er den med lysaste fjørdrakta. Også for denne arten har ungfuglar ei drakt som liknar på drakta til hofuglar.
Nokre omgrep for inndeling av ender, alle er upresise:
Grasender som beitar i vassoverflata, hekkar ved ferskvatn.
Dukkender dukkar heilt under vatn og et både vegetabilsk og animalsk føde,
Treender: Somme fiskender, t.d.laksand, og andre dukkender kan ruge i hole trestammar. Også plystreender (Dendrocygna) kan ha reir i trestammar og sitje i tre.Jungeland (Cairina scutulata) ogknoppand (Cairina moschata), tidlegare òg kalla skogender, kan sitje i tre.[4]
Ender har relativt lang hals, men ikkje så lang som hos gjæser og svaner. Kroppsforma hos dukkender kan vere meir avrunda enn hos grasender. Grasender ligg dessutan høgare i vatnet og har lettare for å gå rett opp i lufta når dei tar til flukt.[3] Nebbet hos grasender er vanlegvis breitt og inneheld tagga lamellar, spesielt utvikla hos arter som filtrerer mat ut or vatnet. Hos nokre fiskender er nebbet langt og kraftig tagga. Beina er sterke og godt utvikla, og generelt festa langt bak på kroppen, spesielt hos dei mest akvatiske artane. Vengene er kraftige og er generelt korte og spisse med lita bereevne, og flyging krev raske og kontinuerlege vengeslag, som i sin tur krev sterke vengemusklar. Tre artar avskovleender,Tachyeres, har ikkje flygeevne, den fjerde arten,patagoniaskovleand, er ein dårleg flygar.