Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ancona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ancona
by
Hamna i Ancona
Land Italia
RegionMarche
ProvinsAncona
Areal124,84 km²
Folketal98 356 (1. januar 2023)
BorgarmeisterFabio Sturani
Postnummer60100
Retningsnummer071
Kart
Ancona
43°37′00″N13°31′00″E /43.616666666667°N 13.516666666667°E /43.616666666667; 13.516666666667
Wikimedia Commons:Ancona

Ancona er ein hamneby vedAdriahavet iItalia. Han er hovudstad iprovinsen Ancona iregionenMarche og har om lag 100 000 innbyggjarar.

Byen ligg 210 km nordaust forRoma og 200 km søraustBologna.

Byen ligg fint til mellom dei høgdeneMonte Conero, Monte Astagno, der festninga ligg, og Monte Guasco, derDuomo står (150 m).

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Ancona vart grunnlagd som ein koloni fråSiracusa om lag390 fvt.. Greske handelsmenn grunnla eindjupfiolett fabrikk her. I romartida prega byen sine eigne myntar med ein bøygd arm som heldt ei palmegrein som motiv på eine sida og hovudet tilAfrodite på den andre.Gresk vart nytta som språk òg i romartida.

Kortid han vart einromersk koloni er uvisst. Han vart okkupert som ein marinebase underillyrarkrigen i178 fvt.(Livius xli. i).Julius Cæsar tok byen like etter han hadde kryssaRubicon. Hamna var særs viktig underRomarriket sidan han låg nærastDalmatia. Hamna vart bygd ut avTrajan, som bygde nordkaien teikna av densyriske arkitektenApollodorus av Damaskus. Inst på kaien står eintriumfboge avmarmor som vart reist i år115 av senatet og folket.

EtterVestromarriket sitt fall vart Ancona plyndra avgotarar,langobardar ogsarasenarar, men kom seg alltid tilbake og var ein viktig by i området. Han var ein av byen som høyrte tilPentapolis undereksarkatet Ravenna.[a]Karl den store erobra Nord-Italia vart han hovudstad iMarca di Ancona, som så gav namn til den moderne regionen,Marche. Etter år 1000 vart Ancona meir og meir sjølvstendig og vart etter kvart ein viktigmaritim republikk (i lag medGaeta,Trani ogRagusa). Han var ofte i strid med nabostormaktaRepublikken Venezia. Som einoligarkisk republikk vart Ancona styrt av seks Eldre, som vart vald av treterzieri, S. Pietro, Porto og Capodimonte, som byen var delt inn i. Byen prega framleis sine eigne myntar, kallaagontano, og hadde ei rekkje eigne lover kallaStatuti del mare e del Terzenale ogStatuti della Dogana. Ancona var vanlegvis alliert medRagusa ogAustromarriket. I1137,1167 og1174 var han mektig nok til å slå tilbake åtak frå keisaren avDet tysk-romerske riket sine styrkar. Skip frå Ancona tok del ikrosstoga og av kjende sjømenn frå denne tida finn einCiriaco de' Pizzicolli. I striden mellompaveane og keisarane i Italia på 1100-talet og framover var Ancona påguelfarane si side.

I motsetnad til dei andre byane i Nord-Italia vart aldri Ancona einseignory. Det einaste unntaket var styret tilMalatesta, som tok byen i1348 ettersvartedauden og ein bybrann hadde øydelagd store delar av byen. Malatesta-familien vart kasta ut i1383. I1532 mista Ancona fridomen sin og vart ein del avKyrkjestaten underpave Klemens VII. Symbolet til pavemakta var den massive festninga. I lag med Roma ogAvignon var Ancona den einaste byen i Kyrkjestaten derjødar fekk lov å bu etter1569. Dei heldt til i eingetto bygd etter 1555.

Pave Klemens XII bygde ut kaien og ei mindre utgåve av bogen til Trajan vart sett opp. Han reiste òg einLazaretto i sørenden av hamna.Luigi Vanvitelli var sjefsarkitekt. Den sørlege kaien vart bygd i1880 og hamna var verna av fortet på høgda ovanfor.

Frå1797 og fram over, då franskmennene tok byen, var festninga i Ancona viktig, fram tilChristophe Léon Louis Juchault de Lamoricière kapitulerte her 29. september 1860, elleve dagar etter nederlaget hans iCastelfidardo.

Merknadar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Dei andre fire varFano,Pesaro,Senigallia ogRimini

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Ancona
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ancona&oldid=3585953»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp