Analytisk kjemi er analyse av stoffprøvar for å finna den kjemiske samansetninga i dei.
Analytisk kjemi kan delast i to hovudtypar:kvalitativ analyse ogkvantitativ analyse. Kvalitativ analyse prøver å finna kva type sambindingar ellergrunnstoff prøven inneheld. I kvantitativ analyse er målet å finna mengda av eit stoff i prøven.
Det finst mange ulike teknikkar for å separera, påvisa og måla mengder av kjemiske sambindingar.
For å påvisa ulikeion i ei løysning, kan ein prøva ein serie reaksjonar og sjå kva som skjer. Det kan vera at stofffell ut eller vert løyst, eller ei løysning skiftar farge. Dette er ganske tungvint.
Ulikespektroskopiske metodar gjer at ein kan finna innhaldet i ei prøve ved å måla korleis ei løysning eller ein gass absorberer lys. Dette inkludererUV/VIS-spektroskopi som brukar UV-lys og synleg lys,IR-spektroskopi som brukar infraraudt lys ogNMR.
Kromatografi separerer to eller fleire stoff ved måten dei reagerer med einstasjonær fase og einmobil fase. Døme på dette erpapirkromatografi,gasskromatografi ogvæskekromatografi. På like lang tid vil ulike stoff vandra ulike lengder med den mobile fasen. Dermed vil dei ulike stoffa verta separert og ein kan finna ut kva ei blanding inneheld.
Titrering gjev mengda av eit stoff ved måling av kor mykje av ein reagens som må tilsetjast for at alt stoffet skal reagera. Ofte trengst einindikator for å finna ut når dette punktet er nådd.