Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Anaksimander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anaksimander i ein romersk mosaikk.

Anaksimander var ein gresktenkjar som høyrde tilfør-sokratikarane. Han levde frå om lag610 f.Kr. til om lag546 f.Kr. og budde i byenMilet på kysten avVesle-Asia.Hans tapte verkOm naturen er det eldstefilosofiske verket i gresk litteratur. Anaksimander meinte verda var bygd opp av det uforgjengelege stoffetapeiron. Han var ogsåastronom oggeograf.

Meiningar og arbeid

[endre |endre wikiteksten]

Anaksimander var truleg elev avTales som meinte at det grunnleggjande stoffet i verda (arkhe) varvatn, men hadde likevel ein heilt annan teori om kva som var arkhé.

Anaksimander trudde ikkje at verda var bygd opp av eit eller fleire av stoffa som ein allereie kunne finne i verda. Dette var uharmonisk og førte til at ubalanse, viss alt består av eitt stoff vil vi ikkje ha den nødvendige balansen i verda. Han såg difor for seg at verda var bygd opp av noko anna, noko ubestemt som ting kom frå og gjekk tilbake til. Dette ubestemte kalla han forapeiron.

Skisse av korleis verdskartet til Anaksimander kan ha sett ut.[1]

Anaksimander teikna det første greskeverdskartet og la fram ein ikkje-mytologiskkosmologi.Her såg han for segjorda som einsylinder som flaut i det uendelege, utan støtte frå noko anna. Menneska levde på toppen av sylinderen med eit hav rundt omkrinsen.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Etter John Mansley Robinson,An Introduction to Early Greek Philosophy, Houghton and Mifflin, 1968. Opggjeve av Engelsk Wikipedia.

«Anaximander» iStore norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Den miletiske skulen
Den pythagoriske skulen
Den efesiske skulen
Den eleatiske skulen
Pluralisme
Atomisme
Sofistar
Spire
Dennefilosofiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Anaksimander&oldid=3126962»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp