Anafylaksi er ein alvorleg og snøggsystemiskallergisk reaksjon på ein utløysandesubstans (triggersubstans) kalla eitallergen. Berre svært små mengder av den utløysande substansen kan valda ein livstruande anafylaktisk reaksjon. Anafylaksi kan oppstå etter å ha ete/drukke, ha anda inn, hatt hudkontakt med eller etterinjeksjon med den utløysande substansen. Den mest alvorlege anafylaktiske reaksjonen,anafylaktisk sjokk, fører vanlegvis tildød dersom det ikkje vert behandla innan kort tid.
Anafylaktisk sjokk er eit livstrugandemedisinsk naudhøve og krev ofte tilsyn av lækjar fordi det fører til svært snøgg samansnøring («konstriksjon») avluftvegane,bronkospasme, ofte i løpet av minuttar.Hjarte-lunge-redding (HLR) er ofte lite effektivt i slike situasjonar, men kan prøvast dersom personen sluttar åpusta. Personar som tidlegare har hatt anafylaktisk reaksjon, er gjerne utstyrte medEpiPen eller liknande utstyr for å kunna få snøgg tilførsel avadrenalin, anten ved åinjisera dette sjølve eller ved hjelp av andre. Gjentatte injeksjonar er berre farlege dersom dei vert gjevne tett etter kvarandre (mindre enn 10-15 min. mellomrom). Adrenalin kan aukahjartefrekvensen (pulsen), stundom føra tiltakykardi og (sjeldnare)ventrikulær tachycardi med opp til 240 hjarteslag i minuttet. Dersom adrenalin likevel hindrar bronkospasme, kan det vera livreddande.
Førstehjelp på staden kan bestå i injeksjon av adrenalin, og, som nemnt, hjarte-/lungeredding.Ambulansepersonell kan gisurstoff og, dersom det er påkravd,intubera pasienten under transport til meir avansert medisinsk behandling. I tilfelle med svært angioødem og blokkering av luftvegane kan det vera påkravd å opnaluftrøyret (trakea) gjennom eit snitt framme på halsen understrupehovudet,trakeotomi.