Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Amorittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amorittar (sumerisk 𒈥𒌅MAR.TU,akkadiskTidnum ellerAmurrūm,egyptiskAmar,hebraiskʼĔmōrī אמורי) var eit folkeslag som talte eitsemittisk språk og som budde i Syria i oldtida og i store delar avMesopotamia frå omkring 2000-talet f.Kr. Isumeriske ogakkadiske tekstar vart det vist tilkongedømet Amurru når det var tale om dei, såvel som om hovudguden deira,Amurru. Språket deira, amorittisk, vert rekna innanfor dei nordvestsemittiske språka. Amorittane vert òg nemnde iBibelen som eit folk som levde iKanaan førisraelittane kom dit.

Opphav

[endre |endre wikiteksten]

I dei tidlegastesumeriske kjeldene frå rundt 2400 f.Kr. er landet til amorittane, «Mar.tu-landet», ikkje assosiert medMesopotamia, men med landområda like vest, det som i dag erSyria ogKanaan. Dei synest å ha fungert som eitnomadisk folk i dei mesopotamiske kjeldene, og dei er særleg knytte til fjellregionane iJebel Bishri i Syria, som er kalla «Amorittfjella». Detetniske omgrepet Amurru og Amar vart nytta om dei, høvesvis hosdet akkadiske riket,Assyria ogEgypt. Frå 2000-talet f.Kr. og truleg utløyst av tørken på 2100-talet, kom ei storstilt innvandring av amorittiske stammer til Mesopotamia. Dei vart ein av grunnane til nedgangen for detsumeriske tredje dynastiet iUr, og førte til ei rekkje mektige kongedøme, mellom anna grunnlegginga avBabylon som ein stat og nådde høgdepunktet sitt medHammurabi.

Kjende amorittar, hovudsakleg dei iMari, skreiv i eindialekt avakkadisk funnen på leirtavler i Mari som er datert til 1800-1750 f.Kr. Sidan språket viser mange nordvestlegsemittiske former og konstruksjonar, er amorittisk språk trudd å ha vore ein nordvestleg semittisk dialekt. Hovudkjelda til den særs avgrensa kunnskapen til språket er namn som ikkje er akkadisk i stilen som er bevart i desse tekstane.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Amorittar&oldid=3058053»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp