Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Amon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amon-Re
medhieroglyfar
M17Y5
N35
N5
Z1
C1
Amon
medhieroglyfar
M17Y5
N35
C12
Relieff av Amon iKarnak.

Amon (gammalegyptisk for 'løynd') er einegyptisk gud. Han var ein lokal guddom iTheben og etterkvartvernegud for byen underdet gamle kongeriket, men blei ein hovudgud i heileEgypt underdet nye. Underdet midtre riket blei han identifisert medsolguden Ra og også kallaAmon-Ra.

Kjenneteikna til guden er ei høg krone av to fjører og eit was-septer (lang, tynn stav med kløyvd ende). Han var rekna som vind- ellerstormgud og seinare somsolgud. Som egyptisk hovudgud blei han også rekna som skaparen, oppretthaldaren og vernaren av verda.

Maken til Amon er til ulike tider kallaAmonet (ei hokjønnsform av namnet hans),Wosret ogMut. Sistnmende danna saman med månegudenKhonsu og Amon ein heilag familie for Theben.

Eit av dei viktigastetempla vigd Amon låg iKarnak ved Theben.

Amon blei også dyrka i antikke Hellas og Romarriket somZevs Ammon ogJupiter Ammon.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • «Amon» (02.02.2013) iStore norske leksikon.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Amon

«Amon» iStore norske leksikon, snl.no.

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Amon&oldid=3348038»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp