Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Aminosyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eiaminosyre er eiorganisk sambinding som inneheld eiaminogruppe (-NH2) og eisyregruppe (-COOH). Aminosyrer kan danna lange kjeder ved at aminogrupper reagerer med syregrupper. Dette vert kallapeptidbinding.

Innanbiokjemi omtalar ein gjerne alfa-aminosyrer med det kortare namnetaminosyre. Alfa-aminosyrene har formelNH2-CHR-COOH der sidegruppaR kan variera. Desse er intermediat istoffskiftet, og er spesielt byggesteinar iprotein. Alfa-aminosyrene vert inndelte etter deikjemiske eigenskapane til sidegruppene og korleis dei oppfører seg underfysiologiske forhold (37 °C,pH 7,4).

Generell struktur av alfa-amionsyrer:

  COOH  |H-C-R  |  NH2

Inndeling

[endre |endre wikiteksten]

Det er normalt 20 ulike aminosyre som inngår i protein. Av desse er 9 essensielle (må skaffast gjennom matinntak), medan 11 kan syntetiserast av kroppen. (Tala er ikkje absolutte, då syntesen av enkelte ikkje-essensielle aminosyrer er nært kopla til matinntaket av bestemte essensielle aminosyrer. Spesifikt verttyrosin danna med utgangspunkt ifenylalanin, medancystein krevmetionin i syntesen. I tillegg er ogsåglysin ogarginin essensielle på vilkår.) Under fylgjer ei anna inndeling av aminosyrene, etter enkelte kjemiske eigenskapar:

Upolar, alifatisk R

[endre |endre wikiteksten]

Upolar, aromatisk R

[endre |endre wikiteksten]

Polar, uladd R

[endre |endre wikiteksten]
  • Serin (Ser): R = –CH2OH
  • Treonin (Thr): R = –CH(OH)CH3
  • Cystein (Cys): R = –CH2SH
  • Metionin (Met): R = –CH2CH2SCH3
  • Asparagin (Asn): R = –CH2C(=O)NH2
  • Glutamin (Gln): R = –CH2CH2C(=O)NH2
  • Tyrosin (Tyr): R = –CH2–fenyl–para–OH   (derpara tyder at OH sit på motsett side av fenylgruppa enn resten avmolekylet)

Negativt ladd R (sur)

[endre |endre wikiteksten]

Positivt ladd R (basisk)

[endre |endre wikiteksten]

Hugsereglar

[endre |endre wikiteksten]

Dei hydrofobe aminosyrene: PROFET GAV LIM (prolin, fenylalanin, tryptofan, glysin, alanin, valin, leucin, isoleucin og - til ein viss grad - methionin).

Dei hydrofile aminosyrene: SCOTT HALL AGGA (serin, cystein, treonin, tyrosin, histidin, arginin, lysin, asparagin, aspartat, glutamin og glutamat).

Dei ikkje-essensielle aminosyrene: ACG pst... (alanin, arginin, asparagin, aspartat, cystein, glutamin, glutamat, glysin, prolin, serin, tyrosin).

Spire
Dennebiologiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Aminosyre&oldid=3004137»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp