Byen vart først nemnd i 1034 somAmmenberg i eit dokument der keisarKonrad II tildelte biskopen avBamberg handels-, toll- og skipsfartrettane i denne byen. Men det finst spor av busetnad på staden som er minst 200 år eldre. Amberg vart eit viktig handelssenter imellomalderen. Eksporten var hovudsaklegjernmalm og jernprodukt, mens dei viktigaste innførslevarene var salt og korn. I 1269 kom byen i lag medBamberg underWittelsbach-familien som styrte Bayern.
I 1329 fall byen og heile Oberpfalz til ei grein av Wittelsbach-familien og vart ikkje lenger ein del av hertugdømet Bayern. I 1387 gjekk Amberg saman med byenSulzbach og jernverkseigarar fråNürnberg inn i den såkalla «Große Hammereinung», dvs. «den store hammarverksamanslutninga», som er mellom dei første kartella i europeisk industrihistorie. På 1500-talet vart byen omvendt tillutheranismen, men den herskande familien klarte ikkje å innføre den meir radikalekalvinismen då innbyggjarane gjorde motstand.
Utsyn over Amberg.
Foto: «Harald909»
I 1628 vart Amberg og Oberpfalz igjen ein del av kurfyrstedømet Bayern. Innbyggjarane fekk eit val om å gå tilbake tilkatolisismen eller forlate byen for alltid. Mange familiar reiste frå byen til dei frie keisarbyaneRegensburg ogNürnberg.
Amberg var regionshouvdstad i Oberpfalz fram til 1810 då denne funksjonen vart flytta til den større byenRegensburg.
Den gamle bykjernen i Amberg vart ikkje skadd under den andre verdskrigen. I staden for atterreising vart derfor vøling og vedlikehald det viktigaste arbeidet i etterkrigstida, særleg frå 1970-åra. Etterden andre verdskrigen vart Bayern del av den amerikanske sektoren, og Amberg vart heimstad til Pond Barracks, ein amerikansk base. Basen vart nedlagd i 1992.