Amasone kan visa til krigerske kvinner eller samfunn der kvinner ersoldatar. I snever tyding eramasonene namnet påmatriarkalsk organisert folk igresk mytologi som skulle leva iAnatolia og aust forSvartehavet. I moderne tyding blir det også brukt om andre matriarkalske folk.
Akilles drep Penthesileia. Gresk vase frå rundt 460 f.Kr.
Grekarane fortalde ei rekkje historier om dei krigerskebarbarkvinnene som reihestar og skaut medpil og boge. Mytane kan ha hatt utspring i kvinnelege krigarar blant skytarane, men har truleg vakse litt med kvar forteljing. For grekarane var det nemleg uhøyrt, for ikkje å snakka om ukvinneleg, at kvinner skulle kjempa på same viset som menn.
Amasonene stamma frå krigsgudenAres og kona hansHarmonia, og var dei einaste barna dei to fekk saman. Dei levde i kvinnestatar der menn var marginaliserte. Dei måtte halda seg heime, medan amasonene vitja dei to gonger i månaden for å syta for forplantinga. Gutebarn blei sende vekk eller lagt ut for å døy, medan nyfødde jenter blei fostra opp til å bli krigarar som mødrene sine. Ei amasone måtte verajomfrueleg til ho hadde drepe minst tre menn i strid. For å kunne trekka bogestrengen langt nok tilbake opererte eller brann dei vekk det høgre brystet sitt.
Kvar amasonestat blei styrt av ei dronning.Penthesileia var namnet på ei av dei, ho kjempa forTroja underTrojakrigen og blei drepen avAkilles. Ei anna varHippolyte, som hadde eit magisk belte faren Ares hadde gjeve henne. Eitt av storverka tilHerakles var å stela dette beltet.Thesevs hjelpte han med dette, og bortførte søstera hennar,Antiope, kanskje som hemn for at amasonene hadde stormaAkropolis iAten.
Dei dominerande amasoneskikkelsane interesserte seinare europearar som dei hadde fascinert grekarane, og omgrepet levde vidare. Det blei etterkvart brukt om samfunn der kvinnene hadde makta, eller om kvinner som deltok i strid.
Matriarkalske samfunn har alltid eksistert. Kvinnelege krigarar er noko uvanlege, men det finst likevel fleire døme på desse frå ulike stader og tidsrom.
Libya har ei lang historie med amasonekvinner som truleg er eldre enn den greske tradisjonen, og har fortsett ved atGadaffi har ein kvinneleglivvakt.Dahomeyamasonene var ei militæreining på rundt seks tusen kvinner som dominerte delar avVest-Afrika frå 1500- til seint på 1800-talet, då franske styrkar overvann dei. Andre afrikanske folkegrupper der kvinner kjempa varigboane ogfulaniane.
Det fanst òg kvinnelege livvakter iAsia, mellom anna fornizamane som herska overHyderabadstaten i India, og for kongefamilien iKandy påSri Lanka. ISiam (noThailand) på 1800-talet hadde kongen ein bataljon på fire hundre utvalde vakre kvinner som mellom anna var dyktigespydkastarar, men blei for høgd verdsette til å sendast i krig.
Blantkeltiske oggermanske stammar var det vanleg at kvinner kjempa saman med mennene sine, eller at unge kvinner utan ansvar for ein familie levde som krigarar.IcenardronningaBoudicca hadde i følgje den romerske historikarenTacitus fleire kvinner enn menn i hæren sin.
ElvaAmazonas iBrasil fekk namnet sitt fordi ei gruppe oppdagarar rapporterte at dei var blitt overfalne av langhåra krigarkvinner, amasoner.
I litteraturen og anna underhaldning finst fleire amasoneskikkelsar og -samfunn. Den norske forfattarenIngar Knudtsen jr. har skrive ein romanserie om amasonestyrte rike iAfrika. Amasoneskikkelsane er også populære blant nokre entusiastar, iNoreg gjerne gjennomden norske amazonegruppa sin nettstad.