Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Alpilles

Koordinatar:43°45′00″N4°50′00″E / 43.75000°N 4.83333°E /43.75000; 4.83333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alpilles-landskap nær Le Destet. Ein kan tydeleg sjå tre typar landskap her: dyrka land i dei lågare slettene, tre ved foten av fjellet, og berr stein på toppane.

Alpilles er ei litafjellkjede iProvence, sør iFrankrike, om lag 20 km sør forAvignon.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Fjellkjeda er eigentleg ei forlenging av den mykje større kjedaLuberon. Sjølv om ho ikkje er særleg høg, berre 387 meter på det høgaste, er ho lett synleg der ho stig bratt opp frå den flate sletta iRhônedalen. Kjeda er om lag 25 km lang og mellom 8 og 10 km brei, og går frå aust til vest mellom elvane Rhône ogDurance.

Landskapet i Alpilles er tørrekalksteinstoppar med tørre dalar i mellom.

Dyre og planteliv

[endre |endre wikiteksten]

Dei lågare fjellsidene er planta medoliven ogmandeltre medkermeseik ogfuru i tillegg. Mykje av fjellkjeda består derimot av berr stein eller steinete overflater med kratt og underskog.

Dei høgaste delane av fjellkjeda er eit naturreservat der ein finn fleire sjeldne artar, inkludertBonellis ørn,egyptisk gribb oghornugle. Nokre av desse artane vart sett ut i Alpilles i1980-åra.

Ymse

[endre |endre wikiteksten]
Les Alpilles (1889), måla avvan Gogh medan han hvar i Saint-Rémy

Vincent van Gogh måla fleire landskap i Alpilles medan han var iSaint-Rémy-de-Provence på nordsida av fjella.

Dei tolv kommunane som ligg i området rundt Alpilles vart erklært «Regional Parc» i2007, slik at det vert verna avEU sin miljøvernsplanNatura 2000.

Alphonse Daudet sin romanTartarin sur les Alpes frå1885, som er oppfølgjaren tilTartarin de Tarascon frå1872 finn stad i Alpilles.

Den franske motstandsrørsla mot den tyske okkupasjonen av Frankrike underden andre verdskrigen byrja i desse fjella.

Turistattraksjonar i og rundt Alpilles

[endre |endre wikiteksten]
Panorama av Alpilles

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

43°45′00″N4°50′00″E / 43.75000°N 4.83333°E /43.75000; 4.83333

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Alpilles&oldid=3407757»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp