Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Almere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Almere
by
Flagg
Land Nederland
ProvinsFlevoland
Del avFlevoland
Areal248,77 km²
Folketal 214 715(1. januar 2021)[1]
Grunnlagd1976
Kart
Almere
52°22′33″N5°13′32″E / 52.375833333333°N 5.2255555555556°E /52.375833333333; 5.2255555555556
Kart som viser Almere.
Kart som viser Almere.
Kart som viser Almere.
Wikimedia Commons: Almere

Almere er ein kommune og by iNederland iprovinsenFlevoland. Kommunen grensar tilLelystad ogZeewolde.

Almere er ein av dei nyaste byane i Nederland og det første huset stod først ferdig i 1976, og Almere vart ein kommune i 1984. Han er den største kommunen iFlevoland med over 193 000 innbyggjarar og den sjuande største i Nederland. I oktober 2007 la byrådet i Almere fram planar om å utvide byen til 350 000 innbyggjarar innan 2030.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Almere ligg iIJsselmeerpolderane og landområdet skulle opphavleg nyttast til jordbruk. Etterden andre verdskrigen vart det i staden lagt fram planar om å huse nokre av innbyggjarane i den raskt veksandeAmsterdam. To byar ipolderane Oostelijk Flevoland og Zuidelijk Flevoland vart derfor planlagt. Byen Oostelijk Flevoland vartLelystad, og byen Zuidelijk Flevoland vart framleis kallaZuidweststad på dei første teikningane, men i 1970-åra fekk han namnetAlmere, som var eit tidleg namn påZuiderzee i mellomalderen der byen i dag ligg. Dei første husa i Almere var ferdig i 1976. Byen vart då framleis styrt avOpenbaar Lichaam Zuidelijke IJsselmeerpolders (Z.IJ.P.), med einLanddrost. I 1984 vart Almere offisielt ein kommune. Opphavleg var det tenkt at Almere skulle vere ein by med fleire senter, men denne planen vart skrinlagd og i staden vart nabolag som Tussen de Vaarten bygd.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,21,3«Kerncijfers wijken en buurten 2021». 6. august 2021. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Almere
   Kommunar i provinsenFlevoland
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Almere&oldid=3590428»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp