Alloa | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | Allmhagh | |
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Region | Clackmannanshire | |
Tradisjonelt grevskap | Clackmannanshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) | 18 989 | |
Koordinatar | 56°7′N3°48′W / 56.117°N 3.800°W /56.117; -3.800 | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | FK10 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1259 | |
Alloa (skotsk-gæliskAllmhagh Mòr) er ein by i regionenClackmannanshire iSkottland. Han har kring 19000 innbyggjarar og ligg i underkant av 10 km austomStirling på nordsida av elvaForth. Byen var einburgh og var i si tid ein viktig handelsstad.
Det har vore busetjing i Alloa sidan førhistorisk tid.Arkeologiske utgravingar avdekte ei «krigargrav» i2003.
I løpet av 1700-talet bløma Alloa som ei hamn ved elva der produkta til fabrikkane iGlasgow vart eksportert til det kontinentale Europa. På denne tida og fram til1950-talet var hovudindustrien på nord- og austsida av byenkoldrift, og eit omfattande nett av vogner på skinnar eksisterte for å frakte kolet til hamna.Jarlane av Mar åtte mange av kolgruvene ogRobert Bald, ein uvanleg oppfinnsam lokal ingeniør var medverkande til å skaffevasskraft frå Gartmorn-dammen for å betene både gruvene og annan industri som blant annaveving. Mange spor etter vognene og Gartmorn-dammen er enno synleg i dag, og sjølv om dammen ikkje lenger blir nytta for energiproduksjon, eller vassforsyning, er han ein eigna stad for fisking og fritidssyslar.
Byen i seg sjølv var kjent for veve- ogglasindustrien. Alloa var lengje assosiert medbryggeriindustri med minst ni større bryggeri som produserteølprodukt. Denne industrien har mellombels gått ned i løpet av slutten av1900-talet.
Byen har lidd under dårlege transportsamband sidan jernbanesambandet Stirling-Alloa-Dunfermline vart stengt i1968. Likevel vart jernbanesambandet Stirling-Alloa-Kincardine fullført i mai2008[1] Dette har òg involvert bygginga av ein ny omkøyringsveg og bru slik at ein stor del av transporten gjennom byen har vorte omdirigert. Den nye jarnbana vart offisielt opna tidleg i april 2008 av transportministerStewart Stevenson.
ForballklubbenAlloa Athletic FC er basert ved Recreation Park i byen.
Folketalet på midten av 1800-talet rundt 6 440.
Kjende menneske frå byen er mellom andre fotballspelaren og kommentatorenAlan Hansen og biletkunstnaraneLys Hansen ogEmma Scott-Smith. Denkanadiske politikarenGeorge Brown vart fødd i Alloa i1818. Grunnleggjaren av Forte Holdings som seinare vart slått saman med Trust House for å bliTrust House Forte, lordCharles Forte, voks opp i Alloa.
Interessante stader å vitje i nærleiken av Alloa er blant annaAlva,Tillicoultry,Dollar,Rumbling Bridge,Culross ogFalkirk.
Det mest mest kjende landemerke i Alloa erAlloa Tower frå1300-talet, som blir administrert avNational Trust for Scotland, og er ein verna del av nedarvamellomaldersk bustad for Erskine-familien, jarlane av Mar. Sjølv om det er særs endra både innvending som utvendig, har tårnet halde sitt mellomalderske tretak ogbrystvern omfram òg ein del av det opphavlege indre vesenet sitt. Det er éit av dei største og tidlegaste av dei skotsketårnhusa.
Byen hadde tidlegare ei rekkje bygningar frå 1600- og 1700-talet, men dei vart uheldigvis fjerna som «slumområde» på slutten av 1800-talet og framover. Alloa har likevel enno mykje historisk arkitektur i form avAlloa Tower, Inglewood House,Gean House og Greenfield House.
Alloa rådhus og bibliotek vart teikna av arkitektenAlfred Waterhouse og bygd i 1886-1889 og kosta då 18 008 pund.[2]
Alloa blir betjent av supermarknadaneIceland,Tesco, ALDI, LIDL, Morrisons og ASDA. Sistnemnde er nytt og ligg ved sida av den nye jernbanestasjonen som nyleg vart opna og no går kvar time til Glasgow via Stirling.
Alloa har tre soknekyrkjer forden skotske kyrkja; North Parish Church, West Parish Church og St Mungo's Parish Church, sistnemnde den største av dei tre. I1978 vart pastorPeter Brodie (då prest ved St Mungo's) vald som moderator av generalforsamling til den skotske kyrkja.
I tillegg har denDen sameinte frie kyrkja av Skottland i sentrum av byen gjennom forsamlinga i kyrkja Moncrieff U.F. Church i Drysdale Street.
Det er kyrkjer for andre trusretningar i byen, blant anna eikatolsk kyrkje som òg heiter St Mungo's. Det er òg kyrkjelydar iSiste Dagars Heilage ogJehovas vitne i Alloa.
Hovudkvarteret tilAction of Churches Together in Scotland (ACTS), den økumeniske organisasjon som knyter saman dei største kyrkjene i Skottland, er lokalisert i Inglewood House, Alloa.
Det var minst ni bryggeri i Alloa i løpet av 1900-talet som produserte ei rekkje typar øl for lokalt sal og for eksport. Alloa var godt posisjonert med god vasstilgang, nær lokal tilgjenge avbygg og gode samband til sjøtransport. Alloas øl vart sendt tilLondon ogGeorge Younger hadde ein omfattande eksporthandel iKaribia,Egypt ogDet fjerne austen. Alloa var òg kjent forlagerølet sitt, Alloa Brewery Co framstilte merket Graham’s Golden Lager i 1925, omdøypt tilSkol på 1950-talet. Nedleggingar og samanslåingar på 1950- og 1960-talet reduserte mengda bryggeri til to og 1999 var det berre eitt tilbake,The Forth Brewery