Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Alfapartikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Einalfapartikkel (α-partikkel) er einatomkjerne beståande av toproton og tonøytron, som kjernen iheliumatomet. I samband med kjernefysisk spalting (fisjon) sendast det ofte ut alfapartiklar (alfastråling) saman medbetapartiklar (betastråling) oggammastråling (særs kortbølgjaelektromagnetisk stråling). Direkte alfastråling har liten gjennomtrengingskraft og er difor ganske ufarleg utanfor kroppen, men partiklane er kraftigioniserande og blir skadelege for bronkiar og lunger ved innanding.

Partikkelen har ladning 2e og masse 4,001506u. Partikkelen vart oppdaga i 1903 avErnest Rutherford som partikkel i den minst gjennomtrengande delen av den radioaktive strålinga, dei såkalla alfastrålene. Seinare viste Rutherford at partiklane var identiske med dobbelt ioniserte heliumatom, dvs. med heliumkjernen4He++.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

?

Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Alfapartikkel&oldid=2998217»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp