Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Alexander Dubček

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexander Dubček

Fødd27. november1921
Uhrovec
Død7. november1992 (70 år)
Statsborgar avTsjekkoslovakia
PartiDet tsjekkoslovakiske kommunistpartiet(1948; 1970)
Yrkepolitikar,diplomat
Utdanna vedHøyskolen under SUKPs sentralkomite
Comeniusuniversitetet i Bratislava
EktefelleAnna Dubček
BarnPavol Dubček,Peter Dubček
MedlemInterhelpo
Alle verv
  • member of the Federal Assembly of Czechoslovakia (19891992)
  • First Secretary of the Communist Party of Czechoslovakia (19681969)
  • ambassadør Sjå dette på Wikidata

Alexander Dubček (27. november19217. november1992) var eintsjekkoslovakiskpolitikar, og generalsekretær iDet tsjekkoslovakiske kommunistpartiet 1968-1969.

Etter den såkallaPrahavåren i 1968, då Dubček hadde forsøkt å reformere landets politikk og innføre ein «sosialisme med eit menneskeleg ansikt», vart han fjerna frå makta og send somambassadør tilTyrkia.

Etter «kommunismens fall» i 1989 vart han rehabilitert og vald tilordførar i det tsjekkoslovakiskeparlamentet.

Dubceks oppvekst og ungdom

[endre |endre wikiteksten]

Dubček vart fødd i Uhrovec ca 60 km vest forBanská Bystrica i Slovakia. Han voks opp iKirgisistan då far hans i 1925 flytta tilSovjetunionen med familien for å få arbeid. I1938 fór dei tilbake til Tsjekkoslovakia og Dubček vart medlem i det slovakiske kommunistpartiet. Under den tyske okkupasjonen deltok han i motstandsrørsla.

Den politiske perioden

[endre |endre wikiteksten]

Dubček vart send tilMoskvas politiske høgskole der han tok eksamen i 1958. I 1962 vart han medlem av det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet sin sentralkomité.

Under det kommunistiske styret hadde den tsjekkoslovakiskeøkonomien kome i vanskar og avsløringane underavstaliniseringa i Sovjetunionen skapte òg uro. I oktober1967 vart dåverande generalsekretær og presidentAntonín Novotný kritisert avreformkommunistar, mellom dei økonomenOta Šik. Novotný fekk ikkje støtte verken i sentralkomiteen eller Moskva. Han måtte derfor gå av som generalsekretær og vart erstatta av Dubček 5. januar 1968. Under perioden mars – august i 1968, ein periode som går under nemningaPrahavåren gjorde Dubček alvorlege forsøk på å liberalisere det politiske styret og innføre «sosialisme med eit menneskeleg ansikt».

Dubček forsøkte å forsikre dei sovjetiske leiarane om at han framleis var venlegsinna mot Moskva, og argumenterte med at forandringane var ei heilt intern sak. Men Prahavåren tok brått slutt då militære troppar fråWarszawapakta invaderte landet og okkuperte Praha. Dubček oppmoda befolkninga til ikkje å gjere væpna motstand mot invasjonsstyrkane. Han og nøkkelpersonane i reformarbeidet vart arresterte, og dei vart førte til Moskva der dei vart tvinga til å akseptere dei sovjetiske krava.

Dubček vart send tilbake til Praha etter nokre dagar, og han sat i stillinga som generalsekretær fram til april 1969, då han vart avsett og send til Ankara som ambassadør til Tyrkia. Han vart sidan, i juni 1970 ekskludert av partiet. I tida etter det livnærte han seg som skogsarbeidar.

Dei siste åra

[endre |endre wikiteksten]
Minne over Alexander Dubček

Under den såkallafløyelsrevolusjonen i 1989 støtta DubčekVáclav Havels Borgarforum. Han vart vald til ordførar i det føderale parlamentet.

Då det kommunistiske styret av landet var slutt, skildra Dubček det som ein siger for sitt «humanistiskesosialistiske syn».

I 1992 råka Dubček ut for ei trafikkulykke og døydde etter nokre veker av skadane. Han vart gravlagd iBratislava. Han var då leiar av Det slovakiskesosialdemokratiske partiet og representant i det slovakiske parlamentet for dette.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.Malen blei sett inn 2025

    Bakgrunnsstoff

    [endre |endre wikiteksten]
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Alexander_Dubček&oldid=3620021»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp