Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Aleksej II av Moskva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråAleksej II)
Aleksej II av Moskva

Patriark Aleksej II medkvit due.
Patriark avMoskva og heile Russland
Andre namnDøypenamn Aleksej Mikhailovitsj Ridiger (kyrillisk Алексе́й Миха́йлович Ри́дигер). Namn som patriarkrussisk Алексей (Aleksej, det sekulære namnet) og Алексий (Aleksij, klerikal namneform.
Fødd23. februar 1929 iTallinn i Estland
FødestadTallinn
Død5. desember 2008 iPeredelkino nærMoskva i Russland
DødsstadPeredelkino
FarMikhail Aleksandrovitsj Rüdiger
FøregangarPimen
EtterfølgjarKirill

PatriarkAleksej II (23. februar 19295. desember 2008) var den femtandepatriarken avMoskva og heileRussland ogprimas iDen russisk-ortodokse kyrkja.

Patriarken vart fødd iTallinn iEstland som Aleksej Mikhailovitsj Ridiger (kyrillisk Алексе́й Миха́йлович Ри́дигер). Faren Mikhail Ridiger var ein prest avtysk-baltisk opphav medan mora Jelena Josifovna Pisareva varrussisk. Imellomkrigstida var Estland sjølvstendig og blei eit åndelege sentrum for den russisk-ortodokse kyrkja.

Patriark Aleksej II ogVladimir Putin ved presidentinnsettinga hans i 2000.

I 1953 fullførte Aleksejteologistudium i dåverandeLeningrad (St. Petersburg) og i 1961 blei han utnemnd tilbiskop for Tallinn og Estland. Han blei vald til patriark i 1990 i det første valet sidanrevolusjonen utan påverknad frå kommunistpartiet. Han blei også den første patriarken i Russland etter samanbrotet avSovjetunionen, og leidde kyrkja i ei tid då ho fann seg ein ny plass i det offentlege Russland.

I mai 2007 møtte han metropolitan Laurus avden russisk-ortodokse kyrkja utanfor Russland, som var blitt oppretta under sovjettida, for ein tilnærmingsseremoni mellom dei to kyrkjesamfunna. Patriarken hadde derimot dårlege tilhøve tilpaven i Roma, som han skulda for å misjonera i ortodokse område.

Aleksej II døydde5. desember2008.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Russlands religiøse overhode er dødArkivert 2008-12-08 vedWayback Machine..Vårt Land. Vitja 14. desember 2008.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Aleksej II av Moskva
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Aleksej_II_av_Moskva&oldid=3407591»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp