Ås- og fjellterreng utgjer mykje av landområda i Albania, der det høgaste fjellet,Korab i regionenDibër, strekkjer seg opp til 2753 m. Ved sidan av hovudstadenTirana, som har omlag 800000 innbyggjarar, er dei største byaneDurrës,Elbasan,Shkodër,Gjirokastër,Vlorë,Korçë ogKukës. I albansk kan namn, til liks med andre substantiv, ha både bestemt og ubestemt form, og dette gjeld òg for bynamn. Derfor kan ein i ulike samanhengar støyte på både Tiranë og Tirana, Shkodër og Shkodra og så vidare.
Albania har eit klassiskmiddelhavsklima, men har om lag dobbelt så mykjeregn som til dømesRoma iItalia. Frå november til midt på våren kan ein vente regn om lag annakvar dag, men ein har og ein god del sol og mildvêr i løpet av vinterhalvåret. Sommaren er varm og fuktig, men ein lett nordavind gjev meir behagelege forhold på kysten. Om lag ein gong i veka sveipartorebyer innover landet og vidare inn iMakedonia. Enkelte fjellområde er høge nok til å få ein god delsnø og kaldtvêr om vinteren. Fjellområda er elles blant dei områda i Europa som får mest nedbør.Tirana har ein årleg nedbørsnormal på 1353 mm, men i enkelte av månadane på hausten regnar det ikkje så mykje mindre enn iBergen.
Rundt tusen år f.Kr. var dagens Albania folkesett avillyriske stammar. I år 168 f.Kr. blei området einromersk provins fram til det blei delt i år 395. Tida som følgde var prega avslaviske invasjonar og lokale maktkampar. I 1344 blei landet annektert avSerbia.[1]
Etter atGjergj Kastrioti Skanderbeg (d. 1468) i fleire tiår hadde stått imot den osmanske hæren, kom landet underosmansk herredøme i 1478, noko som varte fram til 1912. Eit fleirtal av innbyggjarane gjekk etter kvart over tilislam, men ein del blei verande katolske eller ortodokse kristne.[1]
Den såkalla Prizren-ligaen gjorde krav om auka sjølvstyre i 1877-78 utan at dette førte fram. Men då osmanarane leid nederlag iBalkankrigen proklamerte albanske leiarar Albania som ein sjølvstendig stat 28. november 1912 og skipa ei mellombels regjering. Året etter blei staten internasjonalt anerkjend, men mistaKosovo. Med mindre justeringar blei grensene bekrefta i 1921, etterfyrste verdskrigen.[1]
I 1928 utropte presidentAhmet Zogu seg sjølv til konge og styrte fram tilandre verdskrigen i 1939, då landet blei okkupert avItalia. I 1943 overtokNazi-Tyskland, men blei drive ut avpartisanar i 1944. Den kommunistiske nasjonale frigjeringsfronten leia avEnver Hoxha skipa straks kommunistisk styre. I 1947 braut Albania medJugoslavia og allierte seg medSovjetunionen fram til brotet i 1961, då landet forlétWarszawapakten. Frå 1960 var det einaste allierte landet deiraKina. I 1967 blei Albania utropt til verdas førsteateistiske republikk. Frå 1978 var grensene til landet heilt stengde, og diktaturet blei stadig meir undertrykkande. Etter Hoxha overtokRamiz Alia.[1]
I 1991 hadde landet sitt første fleirpartival. I 1992 blei den første ikkje-kommunistiske regjeringa vald. I 1999 tok Albani imot hundretusenar avflyktningar fråKosovo-krigen. 28. november 2012 feira landet hundreårsjubileum som sjølvstendig stat.[1]