Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Dei syriske kystfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråAlawifjella)
Dei syriske kystfjella
fjellkjede
Kart over Syria som syner fjellkjeda
Land Syria
Del avRiftdalen
Koordinatar35°15′N36°06′E / 35.250°N 36.100°E /35.250; 36.100
Kart
Dei syriske kystfjella
35°15′N36°06′E / 35.25°N 36.1°E /35.25; 36.1
Kart som viser Dei syriske kystfjella.
Kart som viser Dei syriske kystfjella.
Kart som viser Dei syriske kystfjella.

Dei syriske kystfjella (arabisk سلسلة الجبال الساحلية,Silsilat al-Jibāl as-Sāḥilīyah) er ei fjellkjede nordvest iSyria som går nord-sør, parallelt til kystsletta.[1] Fjella har ei gjennomsnittleg breidde på 32 km og høgda er like over 1200 meter. Den høgaste toppen er Nabi Yunis på 1562 meter over havet, aust forLattakia.[1] I nord fell høgda ned til 900 meter over havet, og i sør til 600 meter over havet.

I antikken var fjella kjend somBargylus[2] og underassasinane vart dei kallaJabal Bahra (arabisk جبل بحراء).[3] Dei vert stundom òg kallaNusayriyahfjella (arabisk جبال النصيرية,Jibāl an-Nuṣayriyah) ellerAlawiyinfjella (arabisk جبال العلويين,Jibāl al-‘Alawīyin) og begge desse namna syner til den etno-religiøse gruppaalawi som tradisjonelt har levd her.

Vestsida av fjella tar imot dei fuktige vindane fråMiddelhavet og er derfor meir frodig og tettare folkesett enn austsida.Orontes flyt nordover langs sida av fjellkjeda på austsida iGhabdalen, ein 64 km lang dal,[4] og så rundt nordkanten av fjellkjeda til Middelhavet. Sør forMasyaf er det ei stor forkasting som går nordaust til sørvest, mellom An-Nusayriyah-fjellet fråLibanonfjella ved kysten ogAnti-Libanonfjella iLibanon, kallaHomskløfta.[1]

Mellom 1920 og 1936 danna fjella ein del av austgrensa mellomAlawitstaten iDet franske mandatet for Syria og Libanon.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,2Federal Research Division, Library of Congress (2005)«Country Profile: Syria» side 5
  2. Hackett, Horatio B. (editor) (1870)Dr. William Smith's Dictionary of the Bible: comprising its antiquities, biography, geography, and natural history (Volume IV, Regum-Melech to Zuzims) Hurd and Houghton, New York,s. 3142,OCLC325913985
  3. Hunyadi, Zsolt; Laszlovszky, József, red. (2001).The Crusades and the Military Orders: Expanding the Frontiers of Medieval Latin Christianity. Ceu Medievalia. Budapest: Department of Medieval Studies, Central European University, Central European University Press. s. 27.ISBN 963-9241-42-3. 
  4. Encyclopædia Britannica - Syria
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Dei_syriske_kystfjella&oldid=3374911»
Kategori:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp