Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Alavés

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagoppstillingane i UEFA-cupfinalen 2001, Alavés i blått og Liverpool i raudt

Deportivo Alavés, S.A.D., kjend somAlavés, er einfotballklubb i byenVitoria i regionenBaskarland iSpania. Alavés har dei siste sesongane spela på tredje høgste nivå i Spania, Segunda División B, men rykte opp til nivå to i 2013.

Alavés vart grunnlagt i 1921. Klubben rykte opp i øvste divisjon i Spania i 1930, der han spela i tre sesongar før det vart nedrykk. I 1998 tok Alavés steget oppatt i Primera Division, etter over førti år i lågare divisjonar. Alavés kom som best i serien på sjetteplass i 2000. I 2001 spela klubben seg fram til finalen iUEFA-cupen, der laget møtteLiverpool FC. Etter ein dramatisk finalekamp med ekstraomgangar tapte Alaves 4–5. Klubben rykte ned frå den spanske toppdivisjonen i 2003.

Laget spelar i trøyer med blå og kvite vertikale striper og blå bukser. Heimebana 'Estadio di Mendizorroza' rommar 19 840 tilskodarar.

NordmannenDan Eggen spela stoppar for Alavés i stordomstida for klubben kring 2001.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Alavés&oldid=2576742»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp