Al-Sawda | |||
السودا | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tartus | ||
Distrikt | Tartus | ||
Nahiyah | Al-Sawda | ||
Koordinatar | 34°58′56″N35°56′37″E / 34.98222°N 35.94361°E /34.98222; 35.94361 | ||
Folketal | 4 064 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
![]() Al-Sawda 34°58′56″N35°56′37″E / 34.98222222°N 35.94361111°E /34.98222222; 35.94361111 | |||
Al-Sawda (arabiskالسودا, òg skriveSauda elleral-Soda) er ein by nordvest iSyria iTartus guvernement, 15 kilometer nordaust forTartus. Av stader i nærleiken finn einAnnazah i nordaust,Maten al-Sahel i nordvest,Husayn al-Baher i vest,Dweir al-Shaykh Saad i sørvest,Awaru i sør,Khirbet al-Faras i søraust ogKhawabi i aust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Sawda eit folketal på 4 064 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Sawdanahiyah («underdistrikt») som består av 27 stader med eit samla folketal på 32 925 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsaklegkristne,[2] fråden gresk-ortodokse kyrkja.[3]
Namnetal-Sawda er arabisk for «svart» og syner til dei svartebasaltiske steinane som innbyggjarane i al-Sawda tidlegare nytta til å byggje bygningar, inkludert den største kyrkja. Seint i denosmanske tida, tente basalt-basert murarhandverk som hovudnæringa i al-Sawda, og tilsette opp til 400 innbyggjarar fram til byrjinga avdet franske mandatet. Industrien vart mindre viktig då ein byrja å byggje med sement og jarn i regionen.[4]
Underosmansk tid (1516-1918), var administrasjonssenteret i nærleiken («underdistrikt») i densunnimuslimske byen og mellomalderborgaKhawabi.[2] Det er framleis fleire bygg frå den osmanske tida, i tillegg til ei kyrkje i byen.[5] Underdet franske mandatet, då osmanarane trekte seg ut av Syria, vart senteret for området flytta til al-Sawda av dei franske styresmaktene, fordi, i motsetnad til Khawabi, deltok ikkje innbyggjarane i al-Sawda idet syriske opprøret i 1919 leia avsjeik Salih al-Ali som kom frå denne regionen.[2]
Under det franske mandatet, tok al-Sawda over statusen Khawabi hadde hatt, og folk byrja å reise til al-Sawda i staden. Medan Khawabi raskt vart mindre viktig, vart al-Sawda eit dynamisk senter med ein klinikk, ein vidaregåande skule og mange butikkar. I 1967, under den første tida avbaathist-styret i Syria, vart senteret imantiqah («distriktet») flytta tilal-Shaykh Badr som i 1970 hadde eit folketal på 467 (og mangla tenester) samanlikna med al-Sawda som då hadde 1 103 innbyggjarar.[2] I dag er al-Sawda senteret i einnahiyah iTartus-distriktet,[1] medan al-Shaykh Badr har vokse til ein stor by og er senter ial-Shaykh Badr-distriktet.