Akaba (arabisk العقبة,al-ʻAkabah , ‘Hinderet’) er ein kystby iJordan heilt nordaust iRaudehavet. Akaba er den største byen vedAkababukta og den einaste kystbyen i Jordan. Akaba er det administrative senteret iAkaba guvernement og eit stort turistmål i Jordan med gode badetemperaturar og rikt dyreliv i havet. Han er i dag mest kjend som ein badestad og dykkedestinasjon. Industri og handel er òg viktig i byen på grunn av den strategiske plasseringa som den einaste hamnebyen i landet.
Akaba har vore busett sidan 4000 fvt. og har drege fordel av å ligge strategisk til ved handelsrutene mellom Asia og Afrika. Ein trur dei første innbyggjarane varedomittar. Han var eit senter foredomittane, og seinare deiarabiskenabatearane i første hundreåret fvt. Den eldste kjende teksten medarabisk alfabet er ein inskripsjon som er funnen iJabal Ram 50 km aust for Akaba.
Bibelen omtalar området i 1Kongbok 9:26: «Kong Salomo bygde ein flåte iEsjon-Geber, som ligg ved Eilat, iEdom-landet ved kysten avSivsjøen.» Eilat, som var inspirasjon for namngjevinga av den israelske byenEilat litt lenger opp kysten, refererer truleg til ein hamneby ijernalderen som låg der Akaba ligg i dag.
Kort tid etter den islamske erobringa kom han under styret til det islamskekalifatet og dynastia tilomajadane,abbasidane,fatimidane ogmamelukkane. I den tidlege islamske tida vart byenAyla bygd. Denne vart skildra av geografenShams Eddin Muqaddasi som ein by ved sidan av den verkelege busetnaden, som låg i ruinar like ved. Ruinane av Ayla (grave fram i 1980-åra av amerikanske og jordanske arkeologar) ligg nokre få minuttar nord for hovudvegen ved kysten.
Somme eventyr i det kjende eventyrverket1001 natt refererer tilSinbad som reiser til sjøs frå Ayla.
På 1100-talet kontrollertekongedømet Jerusalem området og krossfararane bygde Helim-borga her, som er ganske godt bevart i dag. I tillegg bygde krossfararane festningsverk på den vesle øyaIle de Graye (i dag kjend somFaraoøya, nær kysten avSinai), som i dag ligg iegyptisk farvatn, kring 7 km vest for Akaba.
I 1187 vart både Akaba og øya erobra avSaladin.Mamelukkane tok over i 1250 og bygde om fortet på 1300-talet under ein av dei siste mamelukk-sultanane, Qansah al-Ghouri.
På byrjinga av 1500-talet hadde Mamelukkdynastiet forsvunne og området kom underDet osmanske riket. I perioden som følgde vart byen mindre viktig, og var i 400 år ein liten fiskelandsby. Hamna i Akaba vart raskt viktig att etter atosmanarane bygdeHejazbanen, som knytte hamna tilDamaskus ogMedina.
I fyrste verdskrigen vart dei osmanske styrkane tvinga til å trekke seg ut av Akaba etter eit raid, kjend somslaget ved Akaba, leia avT.E. Lawrence (kjend som Lawrence av Arabia) og dei arabiske styrkane tilSharif Hussein i 1917. Området vart då ein del avKongedømet Hejaz, styrt avprins Faisal. Erobringa av Akaba førte til at ein kunne opne forsyningslinjer frå Egypt til arabarane og dei britiske styrkane lenger nord i Transjordan og Palestina, og enno viktigare, stoppe den tyrkiske offensiven mot den strategisk viktigeSuezkanalen.
Akaba vart avstått av britane tilTransjordan i 1925.
I 1965 prøvde kongHussein av Jordan å gje Akaba rom til å vekse med å byte landområde medSaudi-Arabia. Mot 6000 km² ørkenland i det indre av Jordan, gavSaudi-Arabia 12 km med kystlinje sør for Akaba. Dette gav òg Jordan tilgang til det flottekorallrevet Yamanieh.
Akaba var ei viktig importhamn forirakiske varer i 1980-åra, fram tilGolfkrigen.
Korallrev i Akaba.Akababukta er ein av dei fremste dykkedestinasjonane i verda.
Akaba er kjend for strendene og dei luksuriøse hotella, og mange turistar kjem hit for å dykke, i tillegg til andre vassportar sombrettsegling ogsnorkling. Her finst mange kafear som tilbyrmansaf,knafeh ogbaqlawa.Det tyrkiske badet (hamam) bygd i år 306 er òg ein populær stad for både lokale og turistar. Akaba ogWadi Rum held kvart årDistant Heat Festival, ein årleg musikkfestival med elektronisk dansemusikk. Han finn stad 31. juli og 1. august kvart år med DJar frå Jordan, Midtausten og andre stader i verda.
Ei strand i Akaba.
I 2006 var det 432 000 turistar som vitja Akaba. Kring 65 %, eller 293 000 av turistane var jordanske, medan kring 98 000 var europearar.[4]
I nasjonale høgtider kjem jordanarar frå nord, særleg fråAmman ogIrbid, til dei luksuriøse badestadane og sandstrendene her. I desse høgtidene kan det vere heilt utseld på hotella her.