Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Air Force One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det amerikanske presidentflyet Air Force One over Rushmorefjellet

Air Force One er kallesignalet som vert nytta over radioen nårpresidenten i USA er ombord på eit avdet amerikanske flyvåpenet sine luftfartøy. Når presidenten oppheld seg ombord på eit av fartøya til flyvåpenet, er dette fartøyet altså per definisjon «Air Force One».

Omgrep

[endre |endre wikiteksten]

Tilsvarande vert omgrepet «Navy One» nytta om det fartøyet som presidenten er til stades i dersom det høyrer til marinen, «Marine One» om det høyrer til marineinfanteriet, «Army One» om det høyrer til hæren og «Coast Guard One» om det høyrer til kystvakta.

Når uttrykket «Air Force One» ofte vert knytt til eit bestemt fly, skuldast det at presidenten normalt reiser rundt med eit av flyvåpenet sine to ombygdeBoeing 747-fly. Desse flya er stasjonert påAndrews Air Force Base. Dei er tufta på modellen 747-200B, med den militære nemninga VC-25A. Det eine flyet har nummeret 28000 måla på halen, og det andre har nummeret 29000 måla på halen.

Besøk i Noreg

[endre |endre wikiteksten]

Air Force One var på besøk iNoreg ved den dåverende amerikanske presidentenBill Clinton sitt besøk 1. november 1999.Flyet «29000» var påGardermoen 10. og 11. desember2009. Då mottok USA sin presidentBarack Obama,Nobels fredspris iOslo.

Spire
Dennetransportartikkelen som har medUSA å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Air_Force_One&oldid=2816313»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp