| Aidan av Lindisfarne | |||
| Biskop av Lindisfarne | |||
| Fødd | ca.590 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Connacht | ||
| Daud | 31. august651 | ||
| Dødsstad | Bamburgh | ||
| Yrke | misjonær,katolsk prest,katolsk biskop | ||
| Helgendag | 31. august | ||
HeilageAidan av Lindisfarne var ein irsk munk og misjonær iStorbritannia. Han var den første biskopen avLindisfarne, og er best kjend for å ha grunnlagdLindisfarne kloster.[1][2]
Aidan har fått æra for å ha innført kristendommen igjen tilNorthumbria, og er blitt kalla «Northumbriasapostel». Han reiste mykje gjennom landet og misjonerte, både blant kongar og adelege og blant dei fattige og mateslause, medrekna barn og slavar. Han grunnlag eit kloster med domkyrkje på øya Lindisfarne, kjend somLindisfarne kloster, og var den første biskopen der.
Han er rekna som helgen iden anglikanske kyrkja,den katolske kyrkja ogortodoks kristendom.
Aidan stamma frå Irland, og namnet hans var eigentleg detgammalirskeÁedán.Beda, som gjev ei lang og detaljert skildring av livet hans, har lite å seia om bakgrunnen hans. Han var munk ved øyaIona utanfor vestkysten av Skottland frå relativt ung alder.[3] Han var kjend for å vera strengtasketisk.[4]
I åra før Aidan verka som misjonær hadde kristendommen, som hadde spreidd seg i Storbritannia udnderromartida, gått tilbake og i stor grad blitt fortrengd avangelsaksisk heidenskap. Som ungdom i eksil budde den framtidige kongOswald av Northumbria på Iona, derheilage Columba frå Irland hadde skipa eit kloster. Oswald blei døypt og svor å bringa kristendommen tilbake til folket sitt. I 634 fekk han sjansen til dette då han vann trona i Northumbria.[5]
Oswald bad om å få misjonærar frå Iona, i staden for dei romersk-tilknytte klostera i Sør-England.[4] Først sende dei han biskopen Cormán, men han var særs streng og blei dårleg likt av folket. Han vende tilbake til Iona og melde at folk i Northumbria var for stae til å bli omvende. Aidan kritiserte metodane til Cormán, og blei så send i hans stad.[6] Han blei biskop i 635.[7]