Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Agrigento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agrigento
by
Land Italia
RegionSicilia
ProvinsAgrigento
Areal245,32 km²
Folketal55 512 (1. januar 2023)
Postnummer92100
Retningsnummer0922
Kart
Agrigento
37°18′45″N13°34′30″E /37.3125°N 13.575°E /37.3125; 13.575
Wikimedia Commons:Agrigento

Agrigento (sicilianskGirgenti) er ein by iItalia. Han er hovudstad iprovinsen AgrigentoSicilia og har om lag 60 000 innbyggjarar.

Han var kjend som ein av dei førande byane iMagna Graecia, dei greske områda i Italia i antikken. og vart då kallaAcragasgresk (latinAgrigentum,arabiskKerkent).

Det arkeologiske området i Agrigento,Valle dei Templi eller Tempeldalen, er skrive inn påUNESCO siverdsarvliste.

San Lorenzo.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Agrigento vart grunnlagd på eit platå oppfor sjøen, nær dei to elvaneHypsas ogAkragas, og ein rygg nordover som gav eit visst naturleg vern. Han vart grunnlagd rundt 582-580 fvt. av greske kolonistar fråGela med namnetAkragas.

Akragas voks raskt og vart ein av dei rikaste og mest kjende greske koloniane iMagna Graecia. Han voks særleg fram under tyrannanePhalaris ogTheron500-talet fvt. og vart eitdemokrati etter at Theron sin son Thrasydaeus vart styrta. Sjølv om byen var nøytral i konflikten mellomAten ogSiracusa vart demokratiet styrta og byen plyndra avKartago i406 fvt. Akragas kom seg aldri heilt tilbake til sin tidlegare velstand, men kom seg litt underTimoleon på siste del av 300-talet fvt.

Didrachm, 490-483 fvt.

Byen vart plyndra av båderomarane og kartagarane på 200-talet - romarane i262 fvt. og kartagarane i255 fvt. Han vart hardt råka avden andre punarkrigen (218-201 fvt.) då både Roma og Kartago kjempa om å få kontroll over byen. Romarane erobra til slutt Akragas i 210 fvt. og gav han namnetAgrigentum, sjølv om det stort sett berre var gresktalande i byen dei neste hundre åra i ettertid. Han blømde igjen under det romerske styret og innbyggjarane fekk fulle borgarrettar etterJulius Cæsar døydde i44 fvt.

EtterRomarrikets fall gjekk byen tilaustgotarane i Italia og så tilAustromarriket. I denne perioden flytta innbyggjarane i Agrigentum dei lågareliggande delane av byen og flytta opp til den tidlegareakropolisen på toppen av åsen. Årsaka til dette er ukjend,m en det var truleg på grunn av kystraida tilsarasenarane,berbarar og andre folkeslag. I828 erobra sarasenarane byen og gav han namnetKerkent, som seinare vart til Girgenti på siciliansk, eit namn han hadde fram til1927, dåMussolini gjeninnførteitalienske utgåver av dei latinske namna.

Agrigento vart erobra avnormannarar undergrev Roger I i1087, som oppretta eit latinsk bispedøme der. Folketalet fall gjennom store delar av mellomalderen, men kom seg noko att på1700-talet. I1860 støtta innbyggjaraneGiuseppe Garibaldi sitt forsøk på åsamle Italia med stor iver.

Byen vart hardt råka av dei allierte sine bombetokt underden andre verdskrigen.

Ymse

[endre |endre wikiteksten]

NorskeMonica Valen vart verdsmeister då VM i landevegssykling 1994 vart avvikla i Agrigento.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Denne artikkelen bygger på «Agrigento» fråWikipedia på engelsk, den 6. januar 2008.
  • «Acragas»The Concise Oxford Companion to Classical Literature. Ed. M.C. Howatson and Ian Chilvers. Oxford University Press, 1996.
  • «Agrigento»,The Columbia Encyclopedia. Columbia University Press, 2004
  • «Agrigento»Concise Dictionary of World Place-Names. John Everett-Heath. Oxford University Press 2005
  • «Agrigento»Encyclopædia Britannica, 2006

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Agrigento
Reiseguide forAgrigento frå Wikivoyage
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Agrigento&oldid=3450347»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp