Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Afrikaskjeggfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Afrikaskjeggfuglfamilien
Termittperleskjeggfugl Trachyphonus erythrocephalus Foto: Ikiwaner
Termittperleskjeggfugl
Trachyphonus erythrocephalus
Foto: Ikiwaner
Systematikk
Rike:DyrAnimalia
Rekkje:RyggstrengdyrChordata
Underrekkje:VirveldyrVertebrata
Klasse:FuglarAves
Infraklasse:Neognathae
Overorden:Coraciimorphae
Orden:SpettefuglarPiciformes
Familie:AfrikaskjeggfuglfamilienLybiidae

Afrikaskjeggfuglfamilien, Lybiidae, er ein fuglefamilie som samlarskjeggfuglar iAfrika. Dei var tidlegare sameint med sineamerikanske ogasiatiske slektningar i Capitonidae i ganske lang tid.[1] Det er i alt 42artar av afrikaskjeggfuglar, inkludert 6koparslagarar, slektaPogoniulus. Dei finst i heileAfrika sør for Sahara, med unntak av lengst sørvest iSør-Afrika.

Skildring og økologi

[endre |endre wikiteksten]

Dei er vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og det tunge nebbet har taggete kant. Koparslagarar er mindre, ned tilraudgumpkoparslagar,Pogoniulus atroflavus på berre 7 gram og 9 cm i lengd.

Dette er hovudsakleg einslegefuglar, beitar påinsekt ogfrukt.

Detaljar omkringhekkevanar til afrikaskjeggfuglar er enno ikkje kjente. Reiret er i regelen bygd i hekkar i hòl i trestammar, men uliktPiciformes flest, hekkar nokre sosiale artar ved elvebredder eller i termittuer. Vanlegvis legg dei mellom 2 og 4 egg , eit unntak ersahelperleskjeggfugl som legg opp til 6. Egga blir ruga i 13-15 dagar. Oppgåvene ved hekking blir delt mellom begge foreldra.

Det har vore generelt lite kontakt mellom Lybiidae-artar og menneske. Nokre av artane som krev primærskog har no nedgang i bestanden på grunn avavskoging, nokre gongar til fordel for nære slektningar. Tapet av høglandsskogane iKenya, til dømes, førte med seg atgrønkoparslagar nesten forsvann medanraudpannekoparslagar utvida utbreiinga si.

Taksonomi

[endre |endre wikiteksten]

Slektene i Lybiidae var tidlegare ofte med i einparafyletisk familie Capitonidae av alle verdas skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie Lybiidae avgrensa til skjeggfuglar i Afrika.

Artslista

[endre |endre wikiteksten]
Topperleskjeggfugl,Trachyphonus vaillantii
Foto: Jenny Varley
Kvitbrynskjeggfugl,Stactolaema leucotis
Foto: Dick Daniels

Afrikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etterEBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler:[3]

SlektTrachyphonus

SlektGymnobucco

SlektStactolaema

SlektPogoniulus

SlektBuccanodon

  • Skjelskjeggfugl,Buccanodon duchaillui, Yellow-spotted Barbet,Cassin, 1855, (LC)

SlektTricholaema

SlektLybius

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Short, L.L.; Horne, J.F.M. (2002). «Family Capitonidae (Barbets)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D.Jacamars to woodpeckers.Handbook of the Birds of the World. Band 7. Barcelona: Lynx edicions.ISBN 84-87334-37-7. 
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018),eBird/Clements Checklist v2018(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008.Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008.Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Afrikaskjeggfuglfamilien
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Afrikaskjeggfuglfamilien&oldid=3276301»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp