Aegolius er lita eibiologisk slekt avugler som samlar fire artar. Tre av artene er avgrensa til«den nye verda», menperleugla har eisirkumpolar utbreiing på tvers avNord-Amerika ogEurasia.
Desse er i hovudsak nattaktive skogsugler i tempererte eller kaldare klima, dei to nordlege artane,slipeugle og perleugle hekkar i barskog,svartbrynugle iSør-Amerika,kanelugle iSentral-Amerika hekkar itåkeskog ellereikeskogar.
Dette erstandfuglar, men dei nordlege artane vil i det minste nokre gonger trekke sørover eller til lågare høgder om hausten. Rørslene er vanskeleg å overvåke på grunn av problem med å oppdage desse nattlege uglene utanfor hekkesesongen når dei ikkje læte.
Aegolius-ugler er små, stumpe, korthala med breie venger. Artane varierer i området 18-27 cm i lengd. Dei er mørk brune eller svarte på oversida, og kvitaktig eller brungule under, merkt med striper eller flekkar i dei to nordlege artane. Hovudet er stort, med gule auge og ein veldefinert «tallerken» i andletet. Flukta er sterk, smidig og direkte.
Desse uglene tar hovudsakleggnagarar og andre småpattedyr som byttedyr, men vil òg beite på fuglar,flaggermus,insekt og andrevirvellause dyr i samsvar med kva som er tilgjengeleg.
Aegolius-ugler hekkar i hòle tre og legg fleire egg i kullet. Dei harlæte av gjentatte fløytetonar i hekkesesongen.
Aegolius-ugler i rekkjefølgje etterClementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etterNorske navn på verdens fugler.[2]
- ↑Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012),The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7(Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
- ↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008.Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008.Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Aegolius