Adygia ellerAdygeja[a] er ein republikk iRussland og eit av deiføderale subjekta i Den russiske føderasjonen. Hovudstaden erMajkop. Arealet er 7600 km².
Adygia ligg i det nordvestlegeKaukasus, fullstendig omringa avKrasnodar kraj. I nord er det sletteland, i sør startar Kaukasus-fjella. Høgste punkt er fjellet Tsjugusj (3 238 m.o.h.)
Adygane er nært beslekta med dei andre kaukasiske folkeslagakabardinar ogtsjerkessarar. Historisk har alle desse tre folkeslaga vore kjent som tsjerkessarar. Frå 1557 av hadde adygane hatt venlege forbindelsar medRussland. På slutten av 1700-talet starta den russiske ekspansjonen sørover mot Kaukasus. I løpet av dei påfylgjande krigane, spesielt i perioden mellom 1859 og 1864, utvandra store mengder adygar til detosmanske riket eller vart tvangsdeporterte. ByenMajkop vart grunnlagd i 1857 som russisk festning. Etterden russiske revolusjonen var Adygia frå hausten 1918 til mars 1920 i hendene på kontrarevolusjonære styrkar (kvitegardistar). I 1922 vart det adygiske autonome området oppretta. Frå august 1942 til februar 1943 var området okkupert av tyskarane.
Med oppløysinga avSovjetunionen i 1991 vart Republikken Adygia oppretta som ein del av den russiske føderasjonen.Khazret Sovmen har vore president sidan 2002. Han, og fleirtalet av resten av makteliten i Adygia eradygar. Som reaksjon på dette har det vorte oppretta ein organisasjon som kallar segUnionen av Slavarar, som hevdar at etniskerussarar vert diskriminerte i Adygia. Dei arbeider for at Adygia skal slåast saman medKrasnodar kraj, men har førebels ikkje fått gjennomslag for dette blant makthavarane iMoskva.
Ved parlamentsvalet i Adygia 13. desember 2006 vartSameint Russland det klart største partiet, medanKommunistpartiet vart nest størst.
1 Okkupert og annektert av Russland i 2014.Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa. 2 Okkupert og annektert av Russland i 2022. Anerkjent som russisk territorium av Russland,Syria ogNord-Korea. Ukraina og dei fleste FN-statane anerkjenner ikkje annekteringa.