| Advanced Linux Sound Architecture | |||
| Skapar | Jaroslav Kysela | ||
|---|---|---|---|
| Utviklar | Takashi Iwai | ||
| Utgjeve | 4. november 1998 | ||
| Nyaste versjon | 1.2.15.2(8. januar 2026)[1] | ||
| Operativsystem | Linux | ||
| Skriven i | C | ||
| Sjanger | Lydteknologi | ||
| Lisens | GPLv3, GNU Lesser General Public License | ||
| Nettstad | https://www.alsa-project.org/wiki/Main_Page | ||
Advanced Linux Sound Architecture (ALSA) er ein modul iLinux-kjernen, derlydkortdrivarar, bufferar, og anna lågnivå infrastruktur for lydhandsaming er plasserte. ALSA kan styra opp til 8 fullduplex lydkort og har støtte for automatisk konfigurasjon av lydkort og drivarar. ALSA har svært låg forseinking (nokre fåmillisekund), noko som er viktig i samband med profesjonelt arbeid ilydstudio. ALSA har innebygdOSS-emulering,[2] slik at eldre program skrivne for OSS kan nyttast.

Ein del av ALSA, som kontrollerer drivarar køyrer ikjernemodus, medanlibasound, som ligg på eit høgare nivå, køyrer ibrukarmodus.
Biblioteketlibasound har eit programmeringsgrensesnitt som brukarprogram, eller miksar/tenarar kommuniserer med. Det blir også nytta av mange små tilleggsprogram, somalsaconf,alsactl,arecord, etc.
Brukarprogram kan kommunisera direkte med ALSA, men ofte kommuniserer dei medJACK, som er ein miksar/lydtenar plassert mellom eit brukarprogram og ALSA, som køyrer i brukarmodus. JACK er eit separat prosjekt og er ikkje ein del av ALSA, men dei to modulane er godt tilpassa kvarandre.