
Admiralitetet (engelskAdmiralty) i Storbritannia var tidlegare ansvarleg forden britiske marinen og vart oppretta kring 1400. Admiralitetet vart i1964 innlemma iForsvarsdepartementet saman medWar Office ogAir Ministry.
I1546 opprettaHenrik VIII eitCouncil of the Marine, seinareNavy Board, for å føre tilsyn med flåten, men Lord High Admiral hadde framleis operativ kommando. Han var ein av dei niGreat Officers of State.
I1628 gjordeKarl I om embetet, slik at kontrollen gjekk over til ein komité,Board of the Admiralty. Embetet Lord High Admiral bestod, men var oftast ikkje i bruk. Fram til1709 vart det fleire gonger utnemnd ein Lord High Admiral for kortare periodar, men etter det året har det berre vore ytst få tilfelle, og den siste var den framtidigeVilhelm IV på byrjinga av 1800-talet.
Medlemmar av komitéen vart kjent somLords Commissioners of Admiralty, og var ei blanding av militære, kallaNaval Lords ellerSea Lords og sivile, gjerne politikarar. Leiaren fekk tittelenFirst Lord of the Admiralty, og var medlem av regjeringa.
Sidan1806 har First Lord of the Admiralty alltid vore sivil, medan øvstkommanderande for marinen fekk den nye tittelenFirst Sea Lord. I1831 vart Navy Board avskaffa, og oppgåvene deira vart underlagt Admiralitetet.
Admiralitetet vart i1964 innlema iForsvarsdepartementet saman medWar Office ogAir Ministry. Innanfor departementet er desse delt i tre komitear, Admiralty Board, Army Board og Air Force Board, som alle vert leia avforsvarsministeren.