Adam Nelson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 7. juli1975 (49 år) Atlanta |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008,Sommar-OL 2004,Sommar-OL 2000 |
Adam Nelson (fødd 7. juli 1975) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar fråAtlanta idelstaten Georgia. Han vart verdsmeister i kulestøyt under VM 2005 i Helsinki, og vann elles OL-sølv og tre VM-sølv i tida 2000-07. I 2012 vart han tilkjend gullmedaljen ved Sommar-OL 2004, då resultatet til den opphavlege vinnaren vart annullert.
Nelson fekk sitt gjennombrot då han deltok i dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney, der hans 21,21 m gav han sølvmedaljen, åtte centimeter bakom vinnarenArsi Harju og ein centimeter betre enn tredjemann,John Godina.
Også frå VM 2001 i Edmonton og VM 2003 i Paris reiste Nelson heim med sølvmedaljar. I Edmonton støytte han som lengst 21,24 m, heile 60 centimeter kortare enn sigerherren Godina. I Paris i 2003 vart han lengste støyt målt til 21,26 m, kviterussarenAndrej Mikhnevitsj vann med 21,69 m. Den 18. mai 2002, i sesongen mellom dei verdsmeisterskapane, sette Nelson personleg rekord med 22,51 m under eit stemne iPortland.
Nelson var ein av favorittane i kulestøyt ved Sommar-OL 2004. Han innleia finalen med å støyte 21,16 m, ukrainskeJurij Bilonoh nådde 21,15 m og låg på andreplass. Også i andre omgang nådde Bilonoh 21,15. Stillinga stod seg til siste omgang, då støytte Bilonog 21,16 m og vart tildelt gullet på betre andrestøyt enn Nelson. Åtte år seinare vart prestasjonen til Bilonoh annullert og Nelson tildelt gullmedaljen.
Også under VM 2005 lukkast Nelson å vinne gull, då med eit lengstestøyt på 21,73 m. To år seinare vann han sitt tredje VM-sølv i Osaka, landsmannenReese Hoffa vann tevling med eit støyt på 22,04 m.
Nelson deltok i sitt siste store meisterskap i 2011, og vart sjuandemann i VM i Daegu.