Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ada Hegerberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ada Hegerberg
Personleg informasjon
Fødd10. juli1995
FødestadSunndalsøra
Høgd1,77 m
PosisjonAngrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Olympique lyonnais
Nummer10
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
2001-2007
20072011
2012
2013
2014
Sunndal IL
Kolbotn
Stabæk
Turbine Potsdam
Olympique lyonnais

31 (15)
18 (26)
33 (14)
117 (144)
Landslag
20112017Noreg69(39)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal ligaog oppdatert 2. februar 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 31. mai 2017
Ada Hegerberg i Lyon-drakt 2014

Ada Martine Stolsmo Hegerberg (fødd 10. juli 1995) er ein norsk fotballspelar fråSunndalsøra som speler forOlympique lyonnais i den franske eliteserien for kvinner.

Hegerberg har vunne norsk cupgull, gull i Toppserien, gull iUEFA Champions League, gull i tysk serie, gull i tysk cup, og sølv frå EM med det norske kvinnelandslaget. Ho har vunneGullballen (Kniksenprisen) (2015 og 2016),[1][2] blei kåra tilUEFA Årets kvinnelege spelar i Europa for innsatsen i sesongen 2015/16 og er tildeltAftenpostens gullmedalje,[3]Sportsjournalistenes statuett[4] ogBBC-prisen for årets kvinnelege fotballspelar for 2017.[5]

Midtspissen hadde per 15.7.2017 spelt 63 landskampar og skåra 38 mål. Ho spelte EM-finalen 2013 motTyskland, der det vart norsk tap med 0-1.

Aktiv

[endre |endre wikiteksten]

Hegerberg debuterte påKolbotn IL i 2010. Sesongen 2012 spelte ho påStabæk IF. Der etter var ho aktiv i Turbine Potsdam i halvtanna år. I juli 2014 gjekk ho over til franske Olympique Lyon, ein klubb ho har vunne meisterligafinale med både i 2016 og 2017.

Landslagdebuten til Hegerberg kom 19. november 2011. MedIsabell Herlovsen ute med skade, var Hegerberg det opplagde valet på midtspissplass underEM i fotball 2013.

  • EM-sølv: 2013
  • Meisterligaen: 2016 og 2017 med Olympique Lyon
  • Noregsmeister: 2012 med Stabæk IF
  • Fransk seriemeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon
  • Fransk cupmeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon

Hegerberg vart kåra til Årets fotballspelar 2016 i Europa for kvinner.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. Hegerberg: – Du var helten min, Hege,NRK, 09.01.2016
  2. «Gullkledd Hegerberg ble «årets kvinnelige utøver» på Idrettsgallaen».VG. Henta 8. januar 2017. 
  3. «Derfor får Hegerberg Aftenpostens Gullmedalje 2016».aftenposten.no. 23. desember 2016. Henta 24. desember 2016. 
  4. NRK.«Hegerberg vant sportsjournalistenes kåring».NRK. Henta 1. januar 2017. 
  5. «Hegerberg slo verdensstjerner i kamp om BBC-pris». VG. 30. mai 2017. Henta 2. juni 2017. 
Flagget til Noreg
Flagget til Noreg
Flagget til Noreg
Flagget til Noreg
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ada_Hegerberg&oldid=3487395»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp