Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Abonnement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Humoristisk bilete frå 1874 av ein mann sombyter gardsprodukt mot eit abonnement på avisaPodunk Weekly Bugle.

Eitabonnement er einavtale mellom ein mottakar og ein leverandør om fast levering avvarer ellertenester. Denne avtalen blir som regel automatisk fornya fram til éin av partane seier han opp. Abonnement kan omfatta leveringar av til dømes mat eller trykksaker til ein heim eller ei bedrift eller tilgang til ein teneste somfjernsynskanalar,telefon ellernettenester. Medlemsavgift i nokre organisasjonar blir kalla abonnement. I andre høve kan abonnement vera gratis, til dømes på nyheitsbrev. Eitserviceabonnement gjev tilgang til eitfirma sine tenester og fagfolk i ein viss periode.

Typisk betaler ein kunde for eit abonnement i større summar til visse tider, til dømes ein gong i månaden eller ein gong i året. Betalinga skjer gjerne på førehand. Abonnement gjev dermed ei sikker inntekt til leverandøren. Abonnement kan også skapalojalitet eller andre hinder mot at kunden forlét leverandøren. Av desse grunnane vel mange leverandørar som sel produkt både som abonnement og på anna vis (til dømes laussal avavis) å gjerabatt til abonnentar.

For kundar kan eit abonnemnet vera praktisk eller nødvendig for å få eit produkt. Bruk av hushaldningstenester somstraum,innlagt vatn,kloakk,telefon ogInternett blir til dømes helst selde som abonnemnet.Aviser ogtidsskrift kan leverast heim til abonnentar som då får med seg alle utgåver. På den andre sida kan abonnement føra til at ein betaler for eit produkt ein ikkje ville kjøpt så mykje av elles. Store betalingar på ein gong for abonnement kan også gje nokon betalingsvanskar.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

«abonnement» iStore norske leksikon, snl.no.

Spire
Denneøkonomiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Abonnement&oldid=2822081»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp