Rheinisch-Westfälische Technische Hochschule er ein av dei viktigaste studiestadene for tekniske studiar. Ein heil industri av programvare- og maskinvareprodusentar har vakse opp rundt dette universitetet.
Domkyrkja er den største attraksjonen i byen, og står mellom anna påUNESCO siverdsarvliste.
Den internasjonaleKarlsprisen vert delt ut i Aachen.
Romarane kalla dei varmesvovelkjeldene på stadenAquis-Granum. Det finst fleire teoriar om namnetGranum, men det er no allment akseptert at det kjem av denkeltiske guden for vatn og helse.
Etter romartida vart forlate inntil nærmare 800-talet, då han vart nemnd under namnetAquis villa. I 768 komKarl den store til Aachen for første gong. Han likte staden og bygde eit slott der tjue år seinare. Aachen vart så hovudstaden i Karl den store sitt rike. Slottskapellet vart seinare tildomkyrkja i Aachen. Karl den store var her mesteparten av vintrane mellom 800 og til han døydde i 814. Han vart òg gravlagd her.
I 1880 hadde Aachen 80 000 innbyggjarar og var eit jernbaneknutepunkt. Byen vart hardt råka underden andre verdskrigen. Den 21. oktober 1944 vart Aachen den første tyske byen som vart erobra av allierte troppar.