Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

a-ha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
a-ha

OpphavOslo iNoreg
Aktiv1982–1994, 1998-
SjangerSynthpop
New Wave
Alternativ rock
PlateselskapWarner Bros.
WEA
Polydor
Universal
MedlemmerMorten Harket
Magne Furuholmen
Paul Waaktaar-Savoy
PrisarÅrets spellemann,Spellemannprisen i pop,Spellemannprisen i pop,Spellemannprisens hederspris,Spellemannprisen for årets musikkvideo,Spellemannprisen for årets musikkvideo,Spellemannprisens hederspris,Spellemannprisens hederspris,Peer Gynt-prisen,Rockheim Hall of Fame,German Radio Award
a-ha spelar i Irving Plaza iNew York
a-ha deltar påLive 8-konserten iBerlin.

a-ha er einorskpopgruppe som vart danna i1982 med medlemmeneMagne Furuholmen (keyboard, gitar, song),Pål Waaktaar (keyboard, gitar, trommer, song) ogMorten Harket (song).

Historikk

[endre |endre wikiteksten]

I1985 slo dei igjennom både i Europa og i USA medTake On Me, blant anna på grunn av ein delvisanimertmusikkvideo. UnderSpellemannprisen 1985 vann gruppa klassen pop for cd-enHunting High and Low, og vart i tillegg kåra til årets spellemann. Neste år, underSpellemannprisen 1986 vann dei igjen klassen pop for cdenScoundrel Days, fekk prisen for åretsmusikkvideo for songenHunting High and Low og fekk heidersprisen frå juryen.

Blant dei seinare hitane til gruppa erThe Sun Always Shines on TV,Manhattan Skyline,The Living Daylights (fråJames Bond-filmenLiving Daylights) ogStay on These Roads.

I 1990 hadde dei ein hit med ei nyinnspeling avEverly Brothers-låtenCrying in the Rain frå 1961.

Under «Rock in Rio»-festivalen i1991 samla a-ha 194 000 tilskodarar påMaracanã-stadionen iRio de Janeiro. Dette er verdsrekord for tal betalande på ein konsert. Til samanlikning samlaGeorge Michael ogGuns 'n Roses 60 000 tilskodarar kvar under den same festivalen.

På grunn av sterke personlege motsetnader i bandet, vart a-ha oppløyst i 1993. Dei kom likevel saman i 1994 for å opptre underOL på Lillehammer, blant anna med ein melodi dei hadde skrive forParalympics-leikane,Shapes That Go Together. Dei kom òg saman for å spela under konserten i samband med utdelinga avNobels fredspris i 1998. Etter dette gjekk gruppa i studio og spelte inn albumetMinor Earth Major Sky i 2000, som resulterte i ein ny turné. Dei vannSpellemannprisen 2000 for musikkvideoen til songenVelvet, regissert avHarald Zwart. Denne musikkvideoen vart kontroversiell fordi han fann stad i eit likhus og skildranekrofili. Under same prisutdeling vart A-ha også tildelt heidersprisen til juryen.

I 2002 gav dei ut albumetLifelines, og selde framleis godt, spesielt iSentral-Europa ogSkandinavia. I 2004 signerte a-ha ei kontrakt medUniversal Music som inneber at bandet forpliktar seg til å produsere tre nye album.

UnderSpellemannprisen 2008 vann A-ha på nytt ein spellemann. Prisen vart kallaTidenes VG-listelåt og gruppa vann han forTake On Me. UnderSpellemannprisen 2010 vart dei tildelt heidersprisen til Spellemannkomitéen.

Utmerkingar

[endre |endre wikiteksten]

Diskografi

[endre |endre wikiteksten]
ÅrTittelFøretak
1985Hunting High and LowWarner Bros. Records
1986Scoundrel Days
1988Stay on These Roads
1990East of the Sun, West of the Moon
1993Memorial Beach
2000Minor Earth Major Sky
2002Lifelines
2005AnalogueUniversal Music Group
2009Foot of the Mountain
2015Cast in Steel
2022True NorthSony Music/RCA Records

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=A-ha&oldid=3622727»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp