2001 Mars Odyssey er einromsonde i bane rundtMars. Oppdraget til sonden er å brukespektrometre ogkamera til å finna bevis på tidlegare vassrelatert og vulkansk aktivitet på Mars. Ein håpar at data frå Odyssey kan bidra til å svara på spørsmåla om liv nokon gong har eksistert på Mars, og om det eventuelt framleis kan eksistera. Sonden fungerer òg som ein relestasjon for kommunikasjonen mellomMars-rovarane ogJorda. Prosjektet vart oppkalla etter filmen2001: Ein romodysse, og peikar tilbake på forskjellane mellom filmen og den verkelege verda år2001.
Oddyssey vart skoten opp7. april 2001 av einDelta II rakett fråCape Canaveral iFlorida, og nådde Mars den24. oktober 2001 02:30universaltid. Fartøyets hovudrakett vart avfyrt for å redusera farten slik at det kunne gå inn i bane rundt Mars. Odyssey brukte ein teknikk kalla "aerobraking" som gradvis førte fartøyet nærare Mars for kvart krinslaup. Ved "aerobraking" nyttar ein seg av atmosfæren til å minske farten på romfartøyet, i staden for å avfyra rakettane; slik sparte Odyssey meir enn 200 kg drivstoff. "Aerobrakinga" enda i januar, og Odyssey byrja på på det vitskaplege kartleggjingsprosjektet den19. februar 2002.