Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ćehotina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ćehotina
elv
Land Montenegro, Bosnia-Hercegovina
Nedslagsfelt1 237 km²
Lengd125 km
KjeldeDonji Kolašin iMontenegro
MunningDrina
Kart
Ćehotina
43°09′17″N19°33′08″E /43.1547°N 19.5521°E /43.1547; 19.5521
Wikimedia Commons:Ćehotina

Ćehotina (kyrillisk skriftЋехотина),Ćeotina,Ćotina ellerČehotina er ei 125 km lang elv iMontenegro ogBosnia-Hercegovina, og er ei av dei høgre sideelvene til Drina.

Elveleie

[endre |endre wikiteksten]

Ćehotina har sitt utspring i den montenegriske regionenDonji Kolašin, nær grensa tilSerbia. Ho renn nordvestover og svingar seg gjennom dei høge fjellområda. Det er svært få busetnadar langs denne delen av elva, bortsett frå landsbyen Vrulje. Ho renn så forbi den austlege fjellsida av fjelletKorijeni, før ho går inn i Pljevaljska kotlina, og inn i byenPljevlja. Vidare renn ho inn i regionen Podgora og gjennom landsbyane Radosavec, Židovići, Donja Brvenica ogGradac. Ćehotina renn så mellom regionen Bukovica i nord og den nordlege delen av fjelletLjubišnja, og i eit par kilometer her dannar ho grensa mellom Montenegro og Bosnia-Hercegovina. Elva renn så gjennom landsbyane Vikoč, Falovići, Godijeno og Brusina før ho munnar ut i Drina, der byenFoča ligg.

Ćehotina renn berre 25 km i Bosnia-Hercegovina, medan resten er i Montenegro. Ho har ingen større sideelvar, og den viktigaste er Voloder, som munnar ut i Ćehotina nær Gradac.

Elva har stort potensiale vasskraftproduksjon, men er ikkje nytta enno. Elva er ein del av tilsigsområdet tilSvartehavet (via Drina ogDonau), og har sjølv eit nedslagsfelt på 1 237 km². Det er ikkje mogeleg med skipsfart på elva.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta;ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990):Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo;ISBN 86-01-02651-6
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ćehotina&oldid=3414601»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp