Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Øyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråØyret)
Menneskeøyret.
1 -Tinningbein
2 - Øyregang
3 - Ytre øyre
4 -Trommehinna
5 - Ovale vindauge
6 -Hammaren
7 -Ambolt
8 -Stigbøyelen
9 - Bogegangar
10 -Sniglehuset
11 -Høyrselsnerven
12 -Øyretrompet

Øyre finn ein på dei fleste dyr, hovudfunksjonen deira er å oppfatte (høyre)lyd.

Det er vanleg å dele inn øyret påpattedyr i ein indre, ein midtre og ein ytre del.

Det ytre øyret består stort sett avhud ogbrusk. Det har til oppgåve å leie lyden inn i øyregangen, og verne det indre øyret mot framandelement. I tillegg endrar foldane i det ytre øyret frekvensspekteret på lyden som kjem inn, alt etter kvar lyden kjem frå.

Mellomøyret inneheld ei knokkelkjede samansett avhammaren (lat.malleus),ambolten (lat.incus) ogstigbøyelen (lat.stapes). Stigbøyelen er kopla til einmembran som klerdet ovale vindauget som grensar tilsniglehuset (sjå under).

Det indre øyret inneheld blant anna sniglehuset som omdannar vibrasjonar til nervesignal, oglabyrinten som hjelper individet å halde balansen.

Virvellause dyr

[endre |endre wikiteksten]

Sanseorgan som kan oppfatte lydar hosvirvellause dyr er små akustiskehårhudskjelettet (kutikula) eller organ som kan likne på eit øyre. Desse blir kallatympanalorgan og er plassert ulike stader på kroppen.Lauvgrashopper ogsirissar har dei på frambeina, nokså høgt oppe på leggen. Ved å snu på seg kan dei også oppfatte kvar lyden kjem frå. Andre har slike høyrselsorgan påbakkroppen.

Insekt kan oppfattefrekvensar heilt opp mot 200 kHz, noko som er langt høgare enn det menneske kan oppfatte (15–20 kHz).

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Øyre
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Øyre&oldid=3113480»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp