Man er eit tidlegare norskskattland. Frå om lag år 700 til år 900 var Man eitvikingkongedøme. Man var lagt under kongen avNoreg fram til 1266, dåSkottland tok over øya. Ho kom under den britiske krona i 1765.
Innbyggjarane øya er prega av deikeltiske ognorrøne røtene sine, i tillegg til langvarigengelsk påverknad, noko ein mellom anna kan sjå påmusikken der.
På Man har ein i tillegg tilengelsk snakka språketmanx, som er eitkeltisk språk. Den siste talaren av manx døydde i 1974, men ein prøver no å vekkja språket til live att.
Man er eit demokratiskmonarki med kongCharles III av Storbritannia somstatssjef eller «Lord of Mann». Kongen er representert på øya av einviseguvernør. Det lokale styringsorganet er parlamentetTynwald, som har to kammer. Tynwald vedtek lover og fører tilsyn med indre saker, skattepolitikk og sosialpolitikk. Eksterne tilhøve, som forsvar og representasjon i utlandet, vert styrt avbritiske styresmakter. Man svarar ei årleg godtgjersle for desse tenestene.