Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St Martins, ei avScilly-øyane.
Foto: Tom Corser

Eiøy er eit landområde som ikkje er bunde fast til eitkontinent. Mindre øyar blir kallaholmar medan steinar som så vidt stikk opp av havet blir kallaskjer. Etterdei sameinte nasjonane sin definisjon, skal ikkje område som er for små til å oppretthalda busetnad reknast som øyar.[1]

Medan ein tidlegare berre kunne nå øyar medbåt, har mange no samband med fastlandet gjennombruer og undersjøisketunnelar. I tillegg kan ein òg nå deiluftvegen. Det finst likevel framleis mangeferjesamband mellom øyar og fastlandet.

Det finst fleireøynasjonar i verda, til dømesIsland,Færøyane ogStorbritannia.Indonesia er den mest folkerike øynasjonen, og her ligg òg den øya det bur mest folk på i verda,Java.

Grønland blir som regel rekna som den største øya i verda, ettersomAustralia er ein eigen verdsdel.

Noreg er eit av landa i verda med flest øyar innanfor grensene sine. Andre kystnasjonar, til dømesLitauen, har ikkje ei einaste øy utanfor kysten sin.

Skilnad frå kontinent

[endre |endre wikiteksten]
Dymaxionkart av verda med kontinenta (I,II,III,IV) og dei største øyane (1–30) i omtrent same skala.

Det finst ikkje noko standard skilje mellom øyar ogkontinent,[2] eller mellom øyer ogholmar.[3]

Innangeologi finst det eit vidt akseptert skilje mellom øyar og kontinent.[4] Ofte reknar ein kontinent som den størstelandmassen på ei særskildkontinentalplate; dette gjeld til dømesAustralia, som ligg på sin eigen kontinentalelitosfære og kontinentalplate (den australske plata).[5]

Til skilnad blir øyar ofte sett på som del avhavbotnskorpe (t.d.vulkanøyar), eller som del av jordskorpeplata til ein større landmasse (kontinentale øyar), slik som til dømesGrønland, som ligg påDen nordamerikanske plata.[6]

Typar av øyar

[endre |endre wikiteksten]

Ein kan gruppere øyar i to hovudgrupper: kontinentale og oseaniske.[7]

Kontinentale øyar

[endre |endre wikiteksten]
Satellittbilde av Grønland.

Kontinentale øyar er land over havoverflata som ligg påkontinentalsokkelen på eitkontinent.[7] Døme erBorneo,Java,Sumatra,Sakhalin,Taiwan ogHainan utanforAsia;Ny-Guinea,Tasmania ogKenguruøya utanforAustralia;Storbritannia,Irland ogSicilia utanforEuropa;Grønland,Newfoundland,Long Island ogSable Island utanforNord-Amerika; ogBarbados,Falklandsøyane ogTrinidad utanforSør-Amerika.

Ein spesiell type kontinental øy er den mikrokontinentale øya, som blir skapt når eit kontinent blirrifta. Døme erMadagaskar ogSokotra utanforAfrika,Ny-Caledonia,New Zealand og nokon avSeychellane.

Zuiderduintjes, ei av Dei frisiske øyane.

Ein annan undertype er ei øy ellerbanke danna ved avsetning av ørsmå bergfragment der vasstraumen over lang tid mistar noko av bereevna. Dette inkluderer:

  • barriereøyar, som er samlingar av sand avsett av sjøstraumar på kontinentalsoklane, til dømesDei frisiske øyane langs kysten av Nederland og Tyskland.
  • fluviale elleralluviale øyar danna i elvedelta eller midtstraums i store elver. Medan nokon er forbigåande og kan forsvinne viss volumet eller farten på straumen blir endra, er andre stabile og har lang levetid.

Oseaniske øyar

[endre |endre wikiteksten]
VulkanøyaTristan da Cunha.

Oseaniske øyar er øyar som har komme opp utanfor kontinentalsoklane. Dei aller fleste har vulkansk opphav, til dømesSt. Helena iSør-Atlanterhavet. Dei få oseaniske øyane som ikkje er vulkanske, hartektonisk opphav og oppstår der platerørsler har løfta havbotnen over overflata. Døme erSt. Peter og St. Paul-øyane iAtlanterhavet ogMacquarieøya iStillehavet.

Ein type vulkansk oseanisk øy finst i ein vulkansk øyboge. Desse øyane stammar frå vulkanar der det finstsubduksjon av ei jordplate under ei anna. Døme erAleutane,Marianane og det meste avTonga i Stillehavet. Dei einaste døma i Atlanterhavet er nokon avDei små antillane ogSør-Sandwichøyane.

Ein annan type vulkansk oseanisk øy finst der ei oseanisk rift når overflata. Det er to døme:Island, som er verdas nest største vulkanøy, ogJan Mayen. Begge ligg i Nord-Atlanterhavet.

Ein tredje type vulkansk oseanisk øy blir danna over vulkanskesøylestraumar eller «varmeflekker».[8] Ein søylestraum er meir eller mindre stasjonær i forhold tilden tektoniske plata i rørsle over ho, så ei kjede med øyar blir resultatet når plata driv. Over lange periodar blir denne typen øyar til slutt «drukna» vedisostatisk justering ogerodert, og endar opp som eitundervassfjell.[9] Platerørsle over ein søylestraum produserer ei linje med øyar orientert i retning av platerørsla. Eit døme erHawaii-øyane, frå Hawaii til Kureatollen, som held fram under havoverflata i ei meir nordleg retning somEmperor-undervassfjella. Ei anna kjede med liknande orientering erTuamotu; den eldre, nordlege forgreininga erLineøyane. Den sørlegaste kjeda erAustraløyane, med atollane i den nordlege forgreininga i øystatenTuvalu.Tristan da Cunha er eit døme på ein søylestraumvulkan i Atlanterhavet.[10] Ein annan søylestraum ved Island er øyaSurtsey, som vart danna i 1963.[11]

Andre typar av øyar

[endre |endre wikiteksten]
Ari-atollen på Maldivane.

Koralløyar er bygde opp avkorallar over vulkanmassiv som i seg sjølve ikkje nådde over havoverflata. Døme danna fråkorallrev inkludererMaldivane, Tonga,Samoa,Nauru ogPolynesia.

Einatoll er ei øy danna frå eit korallrev som har vakse på ei erodert og nedsenka vulkansk øy.[12] Revet stig til overflata av vatnet og dannar ei ny øy. Atollar er typisk ringforma med ein sentral lagune. Døme er Linjeøyane i Stillehavet og Maldivane iIndiahavet.

Koralløyar og atollar kan ligge på eller utanfor kontinentalsokkelen.

Granittøyar[13] er øyar som korkje er ei koralløy eller ei vulkansk, oseanisk øy. Eit døme er somme av øyane i øygruppaSeychellane.[14]

Øyar i ferskvatn

[endre |endre wikiteksten]

Øyar kan vera omkransa av ferskvatn om dei ligg i innsjøar, som til dømesHelgøya iMjøsa, eller i elvar, somIJsselmonde iRhinen-Maas-Schelde-deltaet.

Marajó i Brasil er den største øya i verda som er fullstendig omslutta av ferskvatn. Ho ligg ved munningen avAmazonaselva.

Manitoulinøya iHuronsjøen i Canada er den største øya i verden som ligg i ein ferskvassinnsjø.Soisalo i innsjøenSaimen i Finland er den største ferskvassøya i Europa.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Referansar
  1. «REGIME OF ISLANDS».United Nations Convention on the Law of the Sea - Part VIII. un.org. 
  2. Brown, Mike (2010).How I Killed Pluto and Why It Had It Coming. New York: Random House Digital. s. 186–187.ISBN 978-0-385-53108-5. Arkivert fråoriginalen 19. april 2016. 
  3. Royle, Stephen A. (2001).A Geography of Islands: Small Island Insularity. Psychology Press. s. 7–11.ISBN 1-85728-865-3. Arkivert fråoriginalen 21 September 2015. 
  4. Cunningham, John M.«Is Australia an Island?».Encyclopædia Britannica (Online utg.). Arkivert fråoriginalen 25. januar 2019. Henta 20. august 2022. 
  5. «Continent».National Geographic. National Geographic Society. Arkivert fråoriginalen 16. juli 2019. Henta 20. august 2022. 
  6. «Island».National Geographic Society. 27. august 2012. Arkivert fråoriginalen 17. juni 2021. Henta 2. mai 2022. 
  7. 7,07,1«Island». Encyclopaedia Britannica. Henta 10. mai 2020. 
  8. «hotspot» (1. juni 2016) av Inge Bryhni og Haakon Fossen iStore norske leksikon, snl.no. Henta 10. mai 2020.
  9. Huppert, Kimberly L.; Perron, J. Taylor; Royden, Leigh H. (3. januar 2020).«Hotspot swells and the lifespan of volcanic ocean islands».Science Advances (på engelsk)6 (1): eaaw6906.Bibcode:2020SciA....6.6906H.ISSN 2375-2548.PMC 6938699.PMID 31911939.doi:10.1126/sciadv.aaw6906. 
  10. Schlömer, Antje; Geissler, Wolfram H.; Jokat, Wilfried; Jegen, Marion (15. mars 2017).«Hunting for the Tristan mantle plume – An upper mantle tomography around the volcanic island of Tristan da Cunha».Earth and Planetary Science Letters (på engelsk)462: 122–131.Bibcode:2017E&PSL.462..122S.ISSN 0012-821X.doi:10.1016/j.epsl.2016.12.028. 
  11. Claudino-Sales, Vanda (2019),«Surtsey, Iceland»,Coastal World Heritage Sites, Coastal Research Library (Dordrecht: Springer Netherlands)28, s. 237–242,ISBN 978-94-024-1526-1,doi:10.1007/978-94-024-1528-5_35, arkivert fråoriginalen 21. august 2022, henta 21. august 2022 
  12. US Department of Commerce, National Oceanic and Atmospheric Administration,«What are the three main types of coral reefs?»,oceanservice.noaa.gov (på engelsk), henta 26. juni 2024 
  13. «Landet tiden glemte». NRK Vitenskap. Henta 10. mai 2020. 
  14. «Island». National Geographic nettside. Henta 10. mai 2020. 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Øy&oldid=3558891»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp