Treng oppdatering Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åoppdatere han.
Ærekrenking ellerinjurie er eitlovbrot der nokon med ord eller handling anten krenkeræreskjensla eller omdømmet til ein annan på ein slik måte at det gode namnet og ryktet til personen vert råka. Dette kan vere å utsette personen forhat, ringeakt eller tap av den for hans stilling eller næring fornødne tillit.
Ærekrenking kan straffast medbøter ellerfengsel inntil eit halv år, men i somme tilfelle inntil tre år. Det er òg straffbart med ærekrenking retta mot døde personar. Om nokon er skulda for ærekrenking kan personen sleppe straff om han kan føre bevis for sine ærekrenkande skuldingar. Om skuldingane er framsett utan aktverdig grunn eller på ein utilbørleg måte kan dette likevel vere straffbart. Ei framsett ærekrenking kan òg medføre erstatning- og oppreisingskrav.