Års (danskAars) er ein by iVesthimmerlands kommune iRegion Nordjylland med 7328 innbyggjarar (2004). Før regionreforma 2007 var Aars administrasjonssenteret iAars kommune.
Her liggVesthimmerlands Gymnasium, som opna i1960. Mange kunstnarar, særlegPer Kirkeby, har sett sitt preg på byen med forskjelligeskulpturar og byggverk.
Namnet kjem truleg frå frå detnorrøne ordetárr ellerármadr - på gammalengelskar, som pådansk tyder ombodsmannen eller jarlen til kongen.
Tidlegare harAars òg vorte nytta omAarhus som dåLudvig Holberg lètPeder Paars– iskjemtediktet av same namn– reise fråKalundborg tilAars.
Himmerland var iromartida landet tilkimbrarane, men området har arkeologiske funn ved Tolstrup og Svendstrup frå 3200 f.Kr. Ei rekke gravfunn vitnar om stor aktivitet ibronsealderen. I keltisk jernalder starta det såkalla kimbrartoget - ei storstilt folkevandring av kimbrarar sørover omkring 120 f.Kr, der kimbrarar ogteutonarar herja i Europa og sloromarane i seks store slag før hærførarenMarius slo kimbrarane i Nord-Italia den 29. juli101 f.Kr..
Aars kyrkje har ein runestein fråvikingtida. På steinen står det skrive:
Toke skal ifølgje segnene vere son avGorm den gamle, grunnleggjaren av Danmark som er gravlagd iJelling.
NamnetAars dukkar første gong opp i 1345, iRepertorium Diplomaticum Regni Danici Mediævalis. Men staden var ikkje stor imellomalderen ogrenessansen, med kanskje 300 menneske i heile soknet. I 1688 var kongen fremste godseigar i soknet. Liveigenskapen hemma landbruksutviklinga, men landreforma 23. april 1781 gav høve for utskifting av jord og oppheving av adels- og landsbyforpliktingane.
Dette medførte et oppsving fordi kvar bonde tok meir økonomisk initiativ. Den store veksten kom særleg 1848-1901, med stor vekst i korneksporten og opphevinga av laugsplikta i 1857. Nye heiområde vart pløgd opp og dyrka. I 1875 budde det 782 menneske i Aars sokn.Jernbanen som opna 1893 og 1899 gav ein enno større vekstimpuls og då starta for alvor industrialiseringa av handverket i området.